Språk og identitet

Då eg gjekk inn i den sterke familien, visste eg at eg måtte vera meg […]

Då eg gjekk inn i den sterke familien, visste eg at eg måtte vera meg sjølv dersom eg skulle bli respektert som likeverdig. Hadde eg vore usikker på mitt eige, ikkje minst i språket, hadde eg ikkje oppnådd det.
Mange har ikkje skjøna ein slik tankegang. Men det er så enkelt: Når du snakkar, gjer du deg ikkje berre forståeleg; du fortel òg kven du er! Den som gjennom sin tale (og skrift) prøver å koma bort frå sitt eige mål, sender ut eit signal om at han/ho ikkje har tru på sin eigen språklege identitet. Det er ein veikskap som òg går ut over andre med den same språklege bakgrunnen fordi deira dialekt vert underkjend. Derfor er det vanleg at byfolk, som flytter til ei bygd, held fast ved målet sitt, medan bygdefolk i byen ofte knotar bymål.
Biskop Berggrav har betre enn dei fleste forstått dette, og seier det slik i boka «Humor og alvor»:
«Den som skjems for sin egen tale, han skjems for alt annet ved seg også. Men den som har selvrespekt i språket, han blir ikke så lett apekatt i det andre heller.
Når en ser det kulturpsykisk, er målreisningen noe av det mest forgjettelsesfulle i norsk historie i disse ættledd. Den setter inn på det aller viktigste punkt, ved hjertepunktet. Og den reiser det som er all kulturs sjel: selvrespekten».
Men så kjem altså spørsmålet (i Grannar nr. 12) atter ein gong om me har råd til å ta vare på vår språklege identitet. Det har undra meg mange gonger at folk kan vurdera vårt eige mål som uvesentleg. Skal ein gå vidare på den tanken, kan ein gjerne hevda at me burde kutta ut all norsk i skulen og gå over til engelsk første dag. Tenk kor mykje me ville ha spart dersom me vart ein del av det engelske språksamfunnet. Alle bøker i store opplag og langt billigare enn i dag.
– Ja, kva har me råd til i dag? – Dersom me bruker fem gonger meir til sjokolade og brus enn til kultur, burde me ikkje då kutta ut kulturen og kjøpa meir sjokolade? –
For 45 år sidan var det ein ung mann frå Hardanger som vart svært aktiv politisk. Han hadde sterke meiningar og gjekk inn i Høgre. Kameratane hans fortalde at han (og dei) hadde vore på eit høgremøte i Bergen. Der ville han ta ordet, for han hadde mykje han ville ha sagt. Den gongen var det berre «det dannede sprog» som vart nytta i høgresamanheng, men det var ikkje noko problem for den unge optimisten. Bokmål var både rettare og lettare enn hans eige mål, så det kunne han ta på sparket. Men det gjekk ikkje slik han hadde tenkt. Innlegget hans vart ei radbrekt blanding av harding og knot, – så komisk at bergensarane ikkje greidde å halda seg for å le, og di meir han kava med å forfina språket sitt, di løgnare vart det og di meir lo dei. Til slutt måtte han setja seg trass i at det var mykje meir han ville ha sagt.
Etterpå kom han til ein bok-kveld i mållaget og var sint. Det me arbeidde med, sa han, var berre noko fordømt tull! Me måtte berre innsjå at me var fødde med handikap!
Han hadde i grunnen rett i det dersom me skal sjå på bokmål som det mest naturlege riksspråket vårt.
Gå ikkje over bekken etter vatn; gå ikkje til Oslo etter språk!
«Når me skriv treng me ikkje avsløra vårt eige talemål», tenkjer dei som ser ut til å ha kompleks på dette området. Men det gjeld her òg: Det ligg ingen styrke i å gå bort frå sitt eige. Tvert imot er det ein verdi å ta vare på våre særmerke både i skrift og tale, og visa styrke ved ikkje å kjenna trong til «å bli lik dei andre». Det er eit kulturarbeid!
Det er på tide me ser nynorsken som ein ressurs som gir oss både farge og identitet.

Ingolv Vevatne