Med fargeglade klede og ballongar sprudla ein jentegjeng kring på Ølen senter og hjelpte ettermiddagsslitne kundar med å få varene opp i posar og ut i bilen. Dei inviterte også folk til ein fiskedam dei hadde laga, der fangsten bestod av gleder i form av lappar med inspirerande ordtak og sitat skrivne på.
Elevane frå den vidaregåande skulen hadde rigga seg til med ein godt synleg stand midt i senteret. Andre gledesspreiarar frå skulen var på sjukeheimane i Ølen og Etne, og i barnehagen i Ølen. Elevane hadde planar om å ta med seg gledene seine og reise rundt til småbedrifter på kveldstid.
Ny nasjonaldag
Totalt var kring 30 elevar i aksjon for å overraske folk tysdag ettermiddag. Tidlegare på dagen hadde MOT-elevane arrangert volleyballturnering, der heile skulen stilte med lag. «Ispose», laget til tredje klasse allmenn, gjekk av med sigeren der.
— Me har også gjeve bedrifter tilbod om å kjøpe ei kake til dei tilsette, og ordføraren har spandert kake på alle skulene, fortel Veronica Jacobsen, ei av dei engasjerte elevane.
Ho seier det er første året dei arrangerer Mot til å glede-dagen, men ambisjonen er at den skal bli Noregs andre nasjonaldag.
— Ølen er ein av dei få skulane som har ei MOT-gruppe, held ho fram.
MOT er ein ideell organisasjon som jobbar for å skape eit betre oppvekstmiljø, og fokuset er på verdiar, haldningar og kommunikasjon. Ungdommane skal ganske enkelt lære seg å bli modige og å ta eigne val.
— Eg synst organisasjonen jobbar for gode verdiar. Den nyttar ikkje peikefingeren, men bruker andre metodar for å skape gode haldningar, kommenterer Jacobsen.
Ein del av kundane på Ølen senter var litt skeptiske med det same dei ballongkledde kom og ville glede dei, men dei fleste mjukna raskt til og tok i mot med eit smil.
Spreidde glede på senteret
Med fargeglade klede og ballongar sprudla ein jentegjeng kring på Ølen senter og hjelpte ettermiddagsslitne […]