Statusen må opp

Rekrutteringa er ekstra vanskeleg fordi det er gode tider med mangel på arbeidskraft. Det er […]

Rekrutteringa er ekstra vanskeleg fordi det er gode tider med mangel på arbeidskraft.
Det er viktig å få fram i dagen korleis dei som arbeider med omsorg opplever kvardagen. Alle veit at skal ein takle omsorgsbehovet i framtida, så må langt fleire ville arbeide i dette yrket.

Nye tal frå kommunane viser at det vart fleire årsverk i pleie og omsorg her i landet i fjor. Men behovet er så stort at det må eit langsiktig arbeid til for å heve statusen til omsorgsyrka. Det handlar ikkje berre om løn, men også om grunnbemanning og kvalifikasjonar.
Det fortel ganske mykje om denne statusen når rekruttering av hjelpepleiarar gjennom å ta vidaregåande utdanning, langt på veg har mislukkast. Berre 20 prosent kjem denne vegen.
Når dei unge vegrar seg for dette karrierevalet, er det eit alvorleg signal.

I følgje Kommunenes sentralforbund vil kommunane sitt behov for arbeidskraft nesten doble seg dei neste 40-50 åra. Om nokre få år vil talet på yngre eldre stige ganske betydeleg, medan det frå 2020 startar ein drastisk vekst i talet på eldre over 80. Dersom den forventa befolkningsutviklinga slår til, blir det meir enn dobbelt så mange i denne eldste aldersgruppa.
Korleis ein skal klare å skaffe nok hender til å ta seg av dei eldre, har ingen svar på i dag. Derimot er det innlysande at innsatsen for å auke statusen til omsorgsyrket bør kome i gang for alvor.