Stem Høgre?

Samstundes ønskjer Vindafjord Høgre at det må bli enklare for både tilflyttar og innbyggarar å […]

Samstundes ønskjer Vindafjord Høgre at det må bli enklare for både tilflyttar og innbyggarar å få tilgong til bustadfelt med tilgong til sjø og høve for bygging av naust.
Same dag som denne sommarhelsinga frå Høgre ramla ned i postkassen, så er det ein artikkel i Haugesunds Avis med tittel «Friareal i faresonen». Her kan me lesa: «Strandsonen, produktive jord ressurser, kulturlandskap, fjellområder og vassdragsbeltene er i fare på grunn bygg- og anleggsvirksomhet».
Situasjonen blir berre verre og verre. Rapporten er eit varsku om korleis det kan bli i framtida om ikkje noko vert gjort, seier riksrevisor Jørgen Kosmo til NTB. Undersøkinga frå riksrevisjonen viser at det ikkje kan registrerast noko oppbremsing av bygging i strandsona trass i generelt byggeforbod. I områda frå Østfold til Hordaland er i dag meir enn halvparten av fastlandskystlinja mindre enn hundre meter frå bygningar.
Om Høgre prøver å konkurrera med Frp i å koma med populistiske forslag, kan dei koma til å forskreva seg. Meiningsmålingane tyder på at denne prosessen er godt igong.

Birger Sørhus