Sterk miks i bluesbygda

Av alt det sterke som vart slukt rått i helga, spørst det vel om ikkje […]

Av alt det sterke som vart slukt rått i helga, spørst det vel om ikkje Froddien tok kaka. Denne energibunten av ein vokalist i Stavangerensemble. Ein mann som me trudde hadde si stordomstid tidleg på 80-talet, men som heilt tydeleg må ha konservert både form og intensitet på eit uforklarleg vis. Ikkje såg Frode Rønli ut til å vera ein dag eldre enn den gongen, og makan til konsertoppleving som det publikum fekk servert på plattingen utanfor House of Blues, skal ein vera rimeleg heldig om ein får oppleva ein gong til. Og iallfall ikkje ein artist som har meir nærkontakt med publikum.
«Husker du»
Det er ein del år sidan Odd Grythe gjekk i grava, og med han det populære tv-programmet «Husker du». I Skånevik denne helga fekk ein litt «Husker du»-assosiasjonar. Med Stavangerensemble og svenske Europe som dei fremste eksponentane. Men det funka jo som sagt heilt fullkomme. Heldigvis hadde arrangørane også lagt opp til ei skikkeleg ungdomleg avslutning.
— Big Bang var berre heilt utrulege. Dei leverte frå første sekund. Det kan ein vel ikkje i like stor grad seia om mange av dei andre som har vore i teltet desse dagane, seier Kathrine Tungesvik frå Skånevik.
Men blues kan ein vel heller ikkje kalla det Øystein Greni og kompanjongane hans presenterer.
Trongt i hagen
— Dei har fått kvar si madrass til å sova på, ei t-skjorte, mat og personalprisar på drikkevarer. Meir hadde me ikkje å tilby, men det var likevel meir enn nok til å få 35 personar til å jobba dugnad heile helga. Slekt og vener har stått på frå morgon til kveld, og eg er ekstremt takknemleg. Så har me også klart å servera mat til veldig mykje folk, smiler Inger Karin Larsen, fersk direktør på Skånevik Fjordhotel.
Det var ikkje berre i hotellhagen at det var mange som måtte dela dei tilmålte kvadratmetrane. Skånevik sentrum var til tider ei einaste stor maurtue med solbrende armar, dissande magar, gedigne tatoveringar og store smil. Folkeleg. For einskilde grensa det nok heilt opp mot fristaden Skånevik.
Båtlivet
— Me har fått låna pappa sin båt. Ikkje noko er flottare enn å koma sjøvegen til Skånevik. Berre sitja i båten og nyta stemninga. Ser det ikkje flott ut? smiler Turid Berge. Det er laurdag kveld, siste rest av sola er tilnærma rosa i horisonten, bølgjeskvulp og gitarakkordar side om side, båtar så langt augo rekk, og berre gode vener kring seg. Og det i ein båt som har fått namnet hennar på sida.
Visst ser det flott ut. Båtfolket veit kva som ventar i Skånevik. Difor kjem dei også att år etter år. Og dreg stadig nye med seg.
God timing
Alf Warloe Christophersen kan ikkje anna enn nok ein gong seia seg storlegen nøgd med festivalen.
— Me har vel hatt kring 6.000 i teltet. I tillegg var det jo som du såg bra trøkk også på dei andre konsertplassane. At ein del av dei mest innbarka bluesentusiastane tykkjer det er litt for mykje anna musikk, det tek eg med stor ro. Me vil laga ein festival med blues, rock´n roll og soul. Det trur eg me har god dekning for også dette året. Og til neste år er me jo ti år. Då kan programmet få ein heilt annan karakter. Det skal jo svinga, hevdar festivalgeneralen, som fekk særs god hjelp frå vêrgudane. Så god hjelp at mange vart veldig tørste.
— Då Stavangerensemble spelte den siste songen, gjekk me tom for øl. Det må vel kallast god timing, smiler Warloe Christophersen.