Størst av alt er fridomen

Innvandringa er i ferd med å endra sentrale trekk ved Noreg, utan at den einskilde […]

Innvandringa er i ferd med å endra sentrale trekk ved Noreg, utan at den einskilde har hatt særleg moglegheit til å påverka, einast ved stortingsval. Men heller ikkje det har hatt særleg mykje å seia hittil, skriv forfattaren. I løpet av få år vil truleg det muslimske innslaget i befolkninga utgjera majoriteten av folketalet t.d. i Oslo. Denne utviklinga vil truleg skje også i landa elles i Norden og i dei store landa i Europa. Med nokre ulike utviklingstrekk i landa, vert det snakk om frå 50 til 100 år her i landet, medan Frankrike vil få ein majoritet av muslimsk innslag om 25 til 50 år. Det vil koma store grupper av menneske som vedkjenner seg til den muslimske religion, og til verdiar som ikkje går i hop med våre her i landet.
Utfordringane blir massive. I boka er nemnt tal som 20.000 innvandrarar årleg her til Noreg. Kvoteflyktningar i avtale med FN utgjer berre 1.000 årleg, og folketalet aukar mykje også med den såkalla gjenforeiningsinnvandringa, i eit døme er det vist til ein familie som er komen opp i heile 80 medlemer i løpet av kort tid.
Det er sjølvsagt heilt uråd å få med dei mest sentrale sider av innvandringspolitikken i detalj i ein kort omtale. Det må skje berre i stikkords form, som endringar i kulturarven vår i forhold til den muslimske kulturen. Og om ekteskapsvegen til Noreg, om bærekraftig innvandring som det har vore kalla, tvangsekteskap – ekteskap med slektningar, innvandringsbefolkninga i tal, æresdrap, truslar om vold og drap i ekteskapet, syskenbornekteskap, integreringsresultatet som fiasko, kreativt fusk med papir og trygder, skulegang, arbeid- og språkvanskar, verdigrunnlag i undervising, kjønnslemlesting (omskjering) av jenteborn, kvinners fridom i ekteskapet og seksualiteten, og eit kvinnesyn som høyrer til i fortida.
Boka nemner tidlegare stortingsrepresentant Hallgrim Berg som den motige som talar «Roma midt imot». Det store spørsmålet blir stilt: Vil Noreg ta lærdom før det er for seint? Dei fleste stortingsrepresentantar skjønte visst ikkje heilt kva som gjekk føre seg med den feilaktige innvandringspolitikken. Det vert såleis vist til tidlegare stortingsrepresentant for Ap, Torbjørn Berntsen, som seinast i eit TV program 4. mars 2006 uttalte at dei fleste stortingsrepresentantane den gang skjønte ikkje kva som var på gong. Innvandringa kom som «julekvelden på kjerringa». Han hadde såleis ikkje peiling på kor store forskjellar det er mellom vår kristne kulturarv og kulturen muslimane ber med seg. I alle fall ærleg tale.
Ein kan difor spørja. Ser politikarane på innvandring som ei arbeidskraft, er det humanisme, eller har det med verdas beste land å bu i? Og kva vil framtida bringe? Er folket i ferd med å gje bort demokratiet vårt, våre kristne verdiar, ytringsfridomen og vil me få meir og meir av drapstruslar i den samanhengen?
Alt i dag må mange av dei som styrer ha politivakt. Har dette noko med våre fedrars kamp for demokratiske rettar og fridom å gjera? Det er i alle fall ei sanning at mange i fedrelandet er blitt bekymra og redde.
Denne boka bør bli folkelesnad og ikkje minst obligatorisk for dei som skal styra landet vårt. For det kan knapt vera tvil om at klokkene ringer. Landet greier ikkje å hanskas med så store bølgjer av folk frå andre kulturar. Integreringspolitikken syner klart dette. Som ekstra tildeling får landet også kriminelle som landet sjølv har meir enn nok av frå før.

Endre Heggen