God kvalitet og satsing på nye produkt innan betongproduksjon har bygd den litle familiebedrifta opp til den største betongelementleverandøren på Haugalandet. Sidan etableringa i 1958 har både produksjonen og talet på tilsette vakse jamt og stabilt. Det som ein gong var ei lita familiebedrift med produksjon avgrensa til støyping av betongrøyr og –blokker, er i dag den einaste leverandør og montør av betongelement av sitt slag på Haugalandet.
Solide ordrar
I dag kan selskapet skilte med å ha stått for produksjon og montering av til saman 12 Lidl-butikkar, levering av betongtrapper og –balkongar til Haugesjøen brygge i Haugesund, samt ei rekkje store bygg i Haugesund og Karmøy, blant anna TNR, Toma og Sparkjøp.
I desse dagar er mannskapet på Sandeid Cement AS travelt opptekne med produksjon og montering av Bergsenteret, eit nytt kjøpesenter på om lag 24.000 kvadratmeter, ved sida av Biltema på Raglamyr. Ifølgje driftsleiar Emil Haugland, er nå Sandeid Cement nesten fullbooka ut året.
— På Haugalandet er det nå berre Sandeid Cement som kan laga spesielle betongelement av kvit betong. Me prøver å tilpassa oss teikningane me får av kundane, og levera vegger, golv, balkongar, søyler, dekker og andre element skredersydd etter kundane sitt ønske, seier Haugland.
Kvit betong er laga av kvit sement, sand og tilslag av lyse material som marmor eller kvarts.
Nybygg Sandeid
Meir avansert produksjon og med kvart år lengre og lengre bestillingsliste, kravde eit større produksjonslokale. I 2003 vart det nye bygget som hadde rom til både produksjonshall, blanderi, kontor og ymse personellrom, reist ved sidan det gamle produksjonslokalet som nå er omgjort til lager.
— Det gamle lokalet vart for lågt for dei større jobbane me byrja å ta. Før jobba Sandeid Cement hovudsakleg med å montera mindre driftsbygg på gardane rundt omkring i distriktet. Men med den situasjonen som er i landbruket i dag, er det veldig få som vil driva i smått. Det vert fleire samdriftsgardar som krev store fjøs. Då vert prosjektomfanget også større, forklarer dagleg leiar, Sigmund Kaldheim om ein av hovudårsakene til den driftsekspansjonen Sandeid Cement har opplevd dei siste åra.
Selskapet har òg planar for ytterligare utviding av produksjonen og utelager, og er allereie i gang med å byggja nytt tilslaglager.
Byggebom på Haugalandet
Emil Haugland meiner at nå byggast det på Haugalandet som aldri før.
— Eg starta i Sandeid Cement i 2005, og på den korte stunda som eg har jobba her, har næringslivet på Haugalandet eksplodert. Det vert bygd enormt mange nærings- og handelsbygg i nærområdet vårt , seier driftsleiaren. Bedrifta tek imot bestillingar frå heile Sør-Noreg og Vestlandet heilt opp til Møre.
— Me har fått gode tilbakemeldingar på det me har levert til kundane våre. Dei er nøgde med kvaliteten, og det tykkjer eg er veldig positivt for bedrifta, meiner Haugland.Kvaliteten på produkta laga av Sandeid Cement er godkjende av Kontrollrådet for betongproduksjon.
I den nye produksjonshallen går arbeidet føre seg slag i slag. Medan ein del av arbeidarane er med på montering av Bergsenteret på Raglamyr i Haugesund, sørgjer resten for at produksjonen av faste betongprodukt.
— Ein skal leva på det jamne. Det er veldig kjekt med store prosjekt, men det er også veldig viktig å ha stødig og stabil produksjon av dei vanlege produkta som me lagar, seier Bastian Reimers, produksjonssjef for blandeverket.
Ein tidlegare bonde og nå produksjonsarbeidar, Leif Henry Espevoll frå Vikedal, seier han trivest godt i bedrifta.
— Eg har vore her i to år og tykkjer det er eit godt miljø her, seier hanl. Dei tre av seks litauiske arbeidarar som nå jobbar i bedrifta, er godt nøgde med arbeidsforholda. Dei arbeider i Noreg i tre månadars intervall.— Å få nok arbeidskraft i Noreg er veldig problematisk nå. Heile byggebransjen slit med å få tak i fagfolk. Derfor valte med å tilsette nokre utanlandske arbeidarar i produksjonen, seier driftsleiar Emil Haugland. Trass i større arbeidsmengde, har ikkje talet på dei tilsette vakse drastisk. Ifølgje dagleg leiar Sigmund Kaldheim har talet på tilsette i bedrifta dei siste fem-seks åra lege stabilt lege på om lag 20. I dag tel Sandeid Cement 23 tilsette.
Avgrensa konkurranse
— Kven er konkurrentane i distriktet?
— Det er fleire som produserer ferdigbetong og betongprodukt i nærområde, blant anna Ølen Betong AS, Suldal Betong, Brødrene Selvik AS i Sauda og Etne betong. Me er både partnerar og konkurrentar med dei. Ofte brukar me å samarbeida og utnytta ledig kapasitet hjå kvarandre. Dessutan er det berre me her i distriktet , eller nord for Boknafjorden, som produserer spesielle betongelement til byggebransjen, seier Emil Haugland.
Størst i betongelement på Haugalandet
God kvalitet og satsing på nye produkt innan betongproduksjon har bygd den litle familiebedrifta opp […]