Striden om sjukefråvær

Det er dårleg politisk handverk, og regjeringa kunne ikkje vente seg noko anna enn at […]

Det er dårleg politisk handverk, og regjeringa kunne ikkje vente seg noko anna enn at LO og NHO karakteriserer dette som eit svik.

Det skal vere usagt om regjeringa rekna med støtte frå LO sidan det også er gode argument for forslaget, og dessutan ikkje kostar arbeidstakarane noko. Men sjukelønsordninga er ei ømtålig punkt i velferdsstaten, og LO er avhengig av at avtalar og spelereglar blir haldne. Å bryte avtalar der det passar seg, kan i neste runde ramme LO dersom ei anna regjering sit ved roret.
Målet for avtalen med inkluderande arbeidsliv, er å få ned sjukefråværet med 20 prosent. Når det i staden går opp, gir det ei ekstrarekning på kanskje to-tre milliardar for staten. Det er både gulrot og pisk når statsråden vil at private bedrifter, stat og kommunar skal betale litt av sjukeløna også til dei som er sjukemelde over lengre tid. Det skal motivere bedriftene til å leggje tilhøva betre til rette for arbeidstakarane slik at behovet for sjukmelding blir mindre.

Arbeidsministeren er litt for skråsikker på at det han håpar å oppnå, verkeleg blir den dominerande effekten. Forslaget kan like gjerne ramme jobbsøkjarar som arbeidsgjevarane definerer til å kunne bli lettare sjukmelde enn andre.
Når LO og NHO meiner det er for tidleg å dra bastante konklusjonar, bør regjeringa gjere retrett og gi dagens avtale om inkluderande arbeidstid litt lenger levetid. Og både bedrifter, stat og kommunar har ein jobb å gjere med tiltak og kreative tenking for å få ned sjukefråværet. Og det handlar først og fremst om langtidssjukefråværet.