Suksess i dårleg vêr

— Me er ekstra fornøgde med at mange deltok for fyrste gong i år. Det […]

— Me er ekstra fornøgde med at mange deltok for fyrste gong i år. Det merka me godt i og med at dei som kom i mål fekk ulike krus i forhold til kor mange gonger dei har vore med før, seier John Karsten Hustveit.
Den gamle deltakarrekorden på 333 står framleis, men det var ikkje mykje om å gjere. I år var 320 deltakarar med på Langs Åkrafjorden. 44 av dei var så spreke at dei sprang løypa, 115 gjekk tur og 161 sykla.
Av dei som tok turen, var mange med for fyrste gong. To av dei var Ingebjørg Haugen Skjervheim og Trude Pedersen frå Odda som gjekk turen frå Tjelmeland til Teigland. Dei var gjester på Kyrping Camping denne helga.
— Kva synest de om turløypa?
— Det er heilt utruleg flott. Eg har til og med sett blåveis, det har eg ikkje sett sidan eg var lita jente, seier Trude Pedersen.
— Me har sett så mykje flott! Kvifor har me ikkje vore med på dette før, spør Ingebjørg Haugen Skjervheim.

Nesten optimalt løpsvêr
Sjølv om det var ganske kjøleg og ein regnskur kom titt og ofte, var det ikkje mange sure miner å sjå. Dei fleste klarte å nyte turen og den medfølgjande naturen. For løparane vart vêret karakterisert som nesten perfekt. Vinnar av kvinneklassen Miriam Berg Hovda frå Haugesund Idrettslag var ein av dei som visste å setje pris på forholda. Ho knuste først sin eigen rekord opp til Bergprisen, det høgaste punktet på løypa, med 30 sekund, og då ho kom i mål sletta ho sin gamle damerekord med heile eitt minutt og 40 sekundar. Den nye rekorden er no 41,27. I herreklassen var det Sverre Mohagen, som representerte Conoco Phillips, som gjekk av med sigeren, han brukte 39,58 på den 11 kilometer lange turen.
Arrangørane lyste ut ein fotokonkurranse før årets løp. Dei har enda ikkje motteke bidrag til denne, men vonar at det vil kome inn bilete i etterkant.
— Me har ikkje heilt bestemt oss for når me skal kåre ein vinnar, men eit alternativ er å gjere det under Etnemarknaden. Me vonar at mange sender inn blinkskot som dei tok under turen på laurdag, seier John Karsten Hustveit.