Surt tap for Etne-89

I det sure veret var det ikkje møtt fram så veldig mange Etne-supporterar. Men dei […]

I det sure veret var det ikkje møtt fram så veldig mange Etne-supporterar. Men dei som alltid stiller trufast opp, gjorde ein god jobb med å heie laget fram. Første omgang starta med sterkt press frå Odda. Heimelaget kom ikkje skikkeleg i gang før midt ut i omgangen. Då vart det meir orden på angrepa, og sjansane kom hyppig. Odda var absolutt med på notane, men alt i alt var Etne hakket betre sjansemessig. Første halvdel av kampen enda 0-0, trass i gode sjansar frå begge laga.
Utvising av trenar i fokus
Andre omgang var også svært jamn, men det var dessverre ikkje fotballspelinga som kom mest i sentrum denne omgangen. Dommar, Hector Vestbø, som forøvrig gjorde ein flott innsats, fekk mest jobb med dei som stod på sidelinja denne kampen. Sutrete og høglydt klaging på alle avgjeringar som ikkje gjekk i favør Odda, var det som prega kampen. I midten av 2. omgang fekk dommaren nok, og viste den eine Odda-trenaren ut. Etter fleire protestar gjorde trenaren til slutt det han fekk beskjed om. Dommaren skal ha skryt for avgjersla. Slike trenarar er dårlege forbilde, og har ikkje noko i eit barne- og ungdomsmiljø og gjere.
To baklengsmål
Etne kjempa godt i 2. omgang og var fleire gonger nær ved å utlikne, men Odda hadde også gode sjansar og kampen var spanande og jamn. Ti minutt før slutt får Odda mål, og ikkje lenge etter får dei straffe, som dessverre for Etne, gir mål. Sjansemessig hadde eit uavgjort resultat vore det mest rettferdige. Etne kjempa bra og hadde fortent eitt poeng, men sånn gjekk det ikkje denne gongen.