Suverene Bergsvåg

Det vitnar om ein populær ordførar som innbyggjarane har tiltru til. Samstundes er det også […]

Det vitnar om ein populær ordførar som innbyggjarane har tiltru til. Samstundes er det også eit teikn på at dei andre ordførarkandidatane ikkje har klart å markera seg sjølve godt nok til å ta opp kampen mot den sitjande ordføraren.For Arbeidarpartiet må det vera eit nederlag å sjå at partiet sine veljarar vrakar partiet sin eigen ordførarkandidat til fordel for kandidaten frå samarbeidspartiet Senterpartiet. For to år sidan kjempa Arne Bergsvåg og Reidar Håvås om denne posisjonen, og Bergsvåg trakk det lengste strået. No er kampen nærmast avgjort før den er begynt.

Meiningsmålinga viser ikkje uventa at Framstegspartiet er i sterk vekst, og er no omtrent like stort som Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Høyre er parkert i Vindafjord som det største opposisjonspartiet. Men Frp sin framgang vil ikkje vera med å forandra dagens samarbeidssituasjon i kommunen. Sp, Ap og KrF vil, dersom dette blir resultatet, kunna styra i fire nye år.Men framleis er det tre månadar igjen til sjølve valet. Valkampen startar ikkje for fullt før i august, og dermed kan ein del endra seg i denne balansen. Likevel skal det godt gjerast for Høgre og Frp å kapra nok stemmer til å få reell innverknad på kommunepolitikken i Vindafjord.

Frp sin sterke framgang viser likevel at det er viktig at fleirtalskoalisjonen også lyttar til det partia i mindretal meiner. Å få eit kommunestyre som klarar å samarbeida på tvers av partigrensene, er eit ansvar som i stor grad kviler på ordføraren. Å få lokalpolitikarar som drar i same retning, er viktig for å få til ei god utvikling. Det viktigaste for partia framover mot valdagen blir å presentera gode løysingar i viktige lokale saker. Valet i år er eit lokalval, og då må ein også ha fokus her og på kva oppgåver dei lokale kommunestyra får dei neste fire åra. Så får vonleg rikspolitikk vera rikspolitikk i eit par månadar.