I innlegget ditt i Grannar etterlyser du kva Etne Kommune med ordføraren i spissen hadde gjort for å stoppa Kiwi i å etablera seg, og eigarane i å utvikla eigedomen sin med nytt flott bustadkompleks. (Mi eiga tolking). Sjølvsagt har me ynskt eigaren Total Innvest lukke til med prosjektet, og lova dei ei rettferdig og demokratisk handsaming i dei sakene som treng politisk behandling. Utover det har administrasjonen eit regelverk og ei byggelov å halda seg til, noko som blir gjort.
Etne kommune verken kan eller vil stoppa Kiwi i å etablere seg. Det hadde tatt seg ut!
Du peikar også på at det blir for mange matbutikkar i Etne. Akkurat det same sa mange av oss då Rema 1000 etablerte seg for nokre år sidan. Men så vidt eg veit så har alle butikkane i Etne hatt omsetjingsauke, trass dei dystre spådommane den gongen òg.
At nokon må skjerpa seg det er klart. Spar (Forbruken) ligg lengst frå E134, men er likevel den av butikkane (utanom Etne Kjøtt) som har skikkelig ferskvaredisk og ein trivelig Gunnar i kjellaren som har alt. Dette har dei reisande og bygdefolket merka seg, og oppsøkjer Spar nett av den grunn.
Coop har per i dag litt «krøkkete» inn- og utkjøring. Dei har planar om å gjera noko drastisk med dette, så om ikkje lenge framstår gjerne Coop med nytt ansikt og ny inngang. Viktig for å overleva i den skjerpa konkurransen det sjølvsagt vil bli.
Rema 1000 skaut gullfuglen når dei gjore det kunststykke å komma seg inn i Etne Senter når den handelsmaskinen opna. Dei er heilt sikkert komne for å bli i Etne.
La oss håpa at Kiwi blir godt motteken av bygdefolket og dei som ferdast langs hovudferdselsåra E134. Etne kommune med ordføraren kjem i alle fall til å stå fremst i køen av gratulantar når den nye Kiwi-butikken skal opnast, og penthouse leilegheitene på toppen blir innvigde.
Ser me deg der Endre?
Amund Enge
Ordførar i Etne