Svevande museum

— Grunnen til at me måtte flytte på det var at hella på taket var […]

— Grunnen til at me måtte flytte på det var at hella på taket var altfor tung i forhold til fundamentet. Det begynte å sige ut i den eine enden av bygget, fortel Erik Ebne.
Kona Ingebjørg er lykkeleg over å ha fått utsikt i frå kjøkenglaset.
— Eg synes det passa mykje betre i ly under trea enn der det stod tidlegare. No skal me lage oss ein fin hageflekk utanfor kjøkenglaset i staden for, seier ho.

Husar mykje historie
Erik Ebne er levande opptatt av historie og antikvitetar, og det gamle stabburet har gjennom åra blitt hans personlege museum.
— Sjølv om det ikkje ser slik ut, måtte eg ta ein god del ting ut or huset no som me skulle flytte på det, seier han og viser veg inn i skattekista si.
— Der heng ein tysk og ein engelsk hjelm frå krigen side om side, seier han og peikar.
Stabburet var først plassert oppe på nabogarden på Ebne på Skåneviksstranda. Då garden vart delt i 1792, vart stabburet flytta ned på garden som i dag tilhøyrer Erik og Ingebjørg Ebne. På slutten av 1800 –talet datt eit tre over stabburet og øydela det.
— Stabburet vart lagra i omlag femti år, før far min sette det opp att på slutten av 40–talet. No var det vår tur til å flytte på det. Det er nesten blitt ein tradisjon at kvar generasjon flyttar på stabburet, seier Erik Ebne og ler.

Sibirsk tretak
Sidan huset er såpass gamalt får ikkje ekteparet gjere som dei vil med det.
— Aller helst ville fylket at me skulle leggje nytt helletak, men me fekk heldigvis overbevist dei om at konstruksjonen ikkje tåler den tyngda. I samråd med fylket er me kome fram til at eit tak av sibirsk lerk er det beste, seier Erik Ebne.
Hella er tatt av og ein presenning vernar mot vått ver. Det nye taket kjem truleg på i løpet av våren. Det vert spanande å sjå om stabburet blir å finne på same plass når nye generasjonar tek over på Ebne.