Tankar rundt kulturhuset

Ei ny investering må til som ei vidareutvikling av kulturlivet og idrettslivet i bygda. Ser […]

Ei ny investering må til som ei vidareutvikling av kulturlivet og idrettslivet i bygda. Ser det blei presisert at Etne samfunnshus som blei bygd i 1978, og fram til i dag som Etne kulturhus, aldri har fått eller mottatt noko form for tilskot frå Etne kommune? Så alt ligg til rette for ei god investering innan kultur og idrett i Etnebygda.
Etter som eg forstår har Hordaland fylkeskommune gitt nokre føringar som set det heile i eit ljos som er blinkande, eller som eit trafikkljos. I denne saka er Hordaland fylkeskommune overordna og har vel gitt sine anbefalingar i saka på sin måte. Men slik det ser ut, ser det heile altså ut som eit trafikkljos.
Dei fleste som har sertifikat for eit kjøretøy, eller på anna måte kjører på offentlig vei, er klar over kva det vil innebera og kjøra på raudt ljos. Samstundes vil eg rosa dei som stoppa då ljoset vart gult. Dei såg føringane frå Hordaland fylkeskommune i heile kulturhusprosjektet som blei gitt til Etne kommune. Ikkje for å kritisera fleirtalet i saka, men eg vil tru dette ikkje er god kommunepolitikk. På same tid har eg ikkje sett rådmannen sine føringar innan økonomistyring, der det nå blir ein del bunden kapital fram i tid, og kva dette vil medføre eller gå utover i åra som kjem.
Men for all del, gratulera så mykje. Det er kulturhuset som bygg som har alt økonomisk ansvar, sjølv om Etne kommune nå forpliktar seg i åra som kjem. Men eg rosar dei som såg det gule lyset og stoppa.

Ove Wiland
Skånevik