GrannKam- Staal Jørpeland 2 0-2 (0-1) 4 divisjon, menn
0-1 Bjørn H. Dalahaug (15 min)
0-2 Kjell H. Johansen (60 min)
Gule kort: Kjell Andre Steinsland, Bjarte Oppsal, Morten Østenstad
Dommar: Paul kaldheim
Tilskodarar: omlag 80
— Det kan ikkje bli dårlegare enn det me har vist her i første omgang og når ting fungerer så dårleg, hjelper det ikkje om eg kjeftar heller, seier GrannKam trenar Frank Abelseth.
— Dette er rett og slett for dårlig av den enkelte, noko anna er det ikkje å sei held, Abelseth fram.
Mange byte for GranKam
Under oppvarminga før kampen vart den første spelaren til GrannKam skada, og før dei hadde spela ti minutt, måtte to andre heimspelarar gå i dusjen med skadar. Og før endt fyrste omgang hadde GrannKam bytta fire spelarar på grunn av skadar. Dette var nok ei av årsakane til det dårlege spelet heimelaget viste.
Første omgang var det gjestene i raudt som dominerte, og ballen var stort sett på heimelaget sin banehalvdel. Staal Jørpeland 2 hadde fleire sjansar, men fekk berre eitt mål i denne omgangen. Dei ti siste minutta sette GrannKam inn alle kreftar, vann duellar og klarte skape sjansar, men utan at dei fekk ballen i mål.
Andre omgang byrja bra for heimelaget, men utan endring i resultatet, dei skapa sjansar utan å få ballen i nettet. Etter eit strålande løp av Magnar Larsen fekk GrannKam eit starffespark, men også her vart det bom også på returen vart det bom. Så var det som om heimelaget mista motet, og då gjestene sette inn andre målet sitt, hadde dei meir eller mindre gitt opp.
Då tida nesten var ute sette atter ein gong GrannKam opp tempoet og vann ballen. Dei fekk til eit par flotte angrep, men dei skrudde på trykket for seint, og då dommaren bles for full tid, stod dei framleis utan mål.