Tar opp narkokampen

Det er dei to lensmennene i høvesvis Etne og Vindafjord, Jan Erik Matre og Ingvar […]

Det er dei to lensmennene i høvesvis Etne og Vindafjord, Jan Erik Matre og Ingvar Gjærde, som står bak initiativet om å få på plass ein SLT-koordinator. SLT står for samordning av lokale kriminalitetsførebyggande tiltak, og er ein modell for samhandling av ulike etatar/organisasjonar.
Narkotikamiljøet har eksplodert i Vindafjord og Etne dei to-tre siste åra.
Eksplosiv auke
Berre i år har politiet hatt 52 narkotikasaker, og det er meir enn dei hadde i heile fjor. Til samanlikning har Sauda og Suldal lensmannsdistrikt 16 narkotikasaker så langt i år.
— Nå smeltar narkotikaen saman med festkulturen. Ungdommen går rett over frå alkohol til amfetamin. Dette er bekymringsverdig, og slike destruktive krefter har lett for å danna dagsorden seier Gjærde.
— Me må snu trenden og få ungdommen på banen. Ein SLT-koordinator er ikkje ein politimann, han kan spela meir på ungdommen sine premissar, seier Gjærde.
Konstruktive krefter
— Ein SLT-koordinator kan koordinera dei ulike oppgåvene og tar kontakt med ulike etatar, lag og organisasjonar. Han kan analysera problemet og setja i gong program for å honorera dei konstruktive kreftene i staden for dei destruktive. Han skal stimulera det som finst og oppretthalda tilboda i bygdene, seier Gjærde.
Dei to lensmennene understrekar at det ikkje berre er politiet som må ta tak i narkotikaproblemet. Også kommunen, skulen, utebransjen og foreldra har eit ansvar.
Gamle Vindafjord kommune hadde rundt 2000 ein SLT-koordinator, men har vore utan dei siste åra. Ølen og Etne har aldri hatt SLT-koordinator. Nå er altså håpet til lensmennene at dei to kommunane kan gå saman om ei stilling.
— Me har felles personar, felles miljø og felles ungdommar. Difor er det naturleg å tenka slik, seier Matre.
Ikkje minst blir det fleire å dela utgiftene på, som blir eit spleiselag mellom kommunane og staten.
— Ikkje råd til å la vera
Dersom kommunane gir grønt lys, ser dei to lensmennene for seg at ein SLT-koordinator kan vera på plass ved årsskiftet.
— Mykje avheng av at politikarane ser det som eit høve til å få betre oversikt over kva som skjer og forhindra at ungdommen kjem bort i dårlege miljø, seier Matre.
— Kva med den dårlege kommuneøkonomien?
— Det spørs om dei har råd til å la vera. Me ser utviklinga og dei må berre setja i gong tiltak mot det, seier Gjærde.