Telefonsentral råka av lynet

Etne kommune har i løpet av morgontimane i dag fått assistanse frå Telenor, og arbeidet […]

Etne kommune har i løpet av morgontimane i dag fått assistanse frå Telenor, og arbeidet med å kartleggje skadeomfanget er i gong. Resultatet av desse undersøkingane avgjer når telefonsentralen kjem på fote att.
— Me har hatt ein stille dag på jobb, og har hatt god tid til å jobbe med andre ting, seier Ragnhild Underhaug Ness ved Etne kommune.
Ho seier at det vil kome informasjon på nettsida til kommunen, straks det blir klart kor stort skadeomfanget er, og ein veit kva tid telefonen vil virka att.
Mobiltelefonar erstattar for tida den vanlege telefonsentralen. Nummeret til Etne Tenestetorg er 902 08 849/ 920 39 840. Etne Helsesenter har nummeret 911 13 370.