Til landsmønstringa for andre gong

For andre året på rad skal Tor Christian Engdal frå Rullestad i Etne delta i […]

For andre året på rad skal Tor Christian Engdal frå Rullestad i Etne delta i landsmønstringa. I fjor gjekk han vidare etter å ha laga ein teikneserie, og i år deltar han med skulpturen «Skho Saale- et offer for joggebølgen».
— Det er kjempegøy. Eg var der i fjor og nå veit eg kva eg går til så nå gleder eg meg nesten endå meir, seier Engdal.
Han er den einaste i Grannar-distriktet som skal til landsmønstringa i Trondheim 24.-28. mai. Sjølv om Engdal er plukka ut til landsmønstringa for andre gong, er han beskjeden i forhold til sine eigne prestasjonar.
— Eg ser på meg sjølv som heldig.
— Men du må vel ha eit visst talent?
— Ja, delvis, men det er fullt av flinke folk og eg ser ikkje på meg sjølv som flinkare enn andre. Både i fjor og i år har eg stilt ut ting som er litt annleis, seier Engdal.
I landsmønstringa blir ingen vinnarar kåra, og det synest Engdal er heilt fint.
— Det blir ei meir avslappa atmosfære og folk føler ikkje dei treng konkurrera mot kvarandre, seier 18-åringen.

Spiseforstyrring
— Den trekte til seg merksemd, lett å få auge på og den talte for seg sjølv, sa juryen. Dei syntest den var veldig personleg, seier Engdal om skulpturen.
For bak handverket, ein joggesko dekt med gips, ligg det ein alvorleg bodskap.
— Det er veldig mykje fokus på det å vera sunn, trena og ha ein flott kropp. For mykje fokus på det kan vera skadeleg, fordi folk slit med spiseforstyrringar, blir deprimerte og får dårleg sjølvbilde. Difor har eg tatt ein joggesko som eit symbol på det perfekte, og gitt han kjenneteikna på det som er skadd: armband, slange og bandasje.
Engdal bora hol i skoen, tok vekk dei opphavlege skolissene og sette inn intravenøsslange, og festa ein sprøytespiss til den eine enden.

Reklamekroppar
Engdal kjenner sjølv folk som slit med spiseforstyrringar, og ser kva problem det fører med seg.
— Eg syntest det var ille å lesa om, men det er endå verre når ein blir kjent med folk som lir av det. Og har ein først fått det, er det vanskeleg å bli kvitt, seier Engdal.
Han synest ikkje noko om den sterke kroppsfokuseringa i reklamebransjen.
— Det er altfor mykje fokus på det. Det er ørten tusen reklamar for sjampoar og hudkremar, og modellkroppane blir framstilte som vanlege kroppar. Viss ein har ei oppfatning av at det er ein vanleg kropp, korleis ser ein då på seg sjølv viss ein har ein heilt vanleg kropp? spør Engdal.
Ideen til skulpturen fekk han gjennom ei skuleoppgåve.
— Oppgåva heitte «Sko til munterhet og glede». Læraren min syntest eg bomma litt for ho syntest ikkje den såg spesielt gledeleg ut, seier Engdal.

Laks
Interessa for teikning har han hatt sidan han var liten, og ein blyant er aldri langt unna. Nå bur han i Haugesund og går på VKI teikning, form og farge ved Haugaland vidaregåande skule.
— Her kan eg sitja heile dagen og teikna utan å få kjeft. Det kunne eg ikkje på ungdomsskulen, smiler Engdal.
Nå held han på med ein teikneserie som handlar om mordarlaksen Lurilaks.
— Han var så vond at då han var rogn, sprengte han seg ut av buken til mora. Det er ikkje ein spesielt sympatisk laks, seier Engdal, som har planar om å utdanna seg til animatør etter vidareågande.