Til topps i tredje runde

I finaleomgangen i bakkeløpet tørka banen skikkeleg opp, og då Knut Erik Ludvigsen bomma på […]

I finaleomgangen i bakkeløpet tørka banen skikkeleg opp, og då Knut Erik Ludvigsen bomma på ein tønnevending og Ole Kristian Nøttveit fekk tekniske problem, slo Totto til.
— Eg får stadig betre kontroll når det er tørt føre, men blir det vått er eg meir usikker og treng meir trening, seier Totto, som sjølvsagt var kjempefornøgd med innsatsen. Kjetil Møn blei nummer to, med Ole Kristian Nøttveit på tredje plass.
Også i store super falt avgjerdsla i finalen. Stian Haugan hadde dårlegaste tid etter prefinalen, men kjørte ein perfekt finaleomgang og vann klassen framfor Øystein Verlo og Svein Bjarte Holten. NMK Gol-føraren Audun Vestenfor vann supernasjonal inntil 1600 kubikk.
I nasjonal var det NMK Bergen-førarane som var raskast. Steinar Stokke tok sin tredje strake siger i store klassen, mens Sigbjørn Hannisdal vann minste nasjonal. I KNA Junior Cup vann Anders Øye NMK Bergen, med NMK Vikedal-førarane Aleksander Stople og Kjartan Vaka Lothe på dei neste plassane.
Bakkeløpet var også andre runde i Fjord Line Cup 2005, og her leiar Steinar Stokke med 46 poeng, framfor Stian Haugan 44,5 poeng og Ole Kristian Nøttveit med 41,75 poeng.