Tilbake som trenar

Det florerer ikkje akkurat med ledige og villige fotballtrenarar på indre Haugalandet til å ta […]

Det florerer ikkje akkurat med ledige og villige fotballtrenarar på indre Haugalandet til å ta seg av A-lag. Hos GrannKam gav Frank Abelseth seg etter ein sesong som trenar i 4. divisjon. Han hadde ikkje tid til å gå på ein ny sesong.
Laget enda også til slutt opp i botnstrid i divisjonen saman med Etne, og det var ei litt deppa stemning i GrannKam mot slutten av sesongen.

Med frå starten
Harry Skulerud var ein naturleg trenarkandidat for GrannKam sidan han har bakgrunn i klubben og brei trenarerfaring. Han har også blitt spurt i tidlegare sesongar, men var ikkje ledig. Han bestemte seg i løpet av eitt døgn etter at han fekk tilbodet.
– Eg har klubbkjensle når det gjeld GrannKam. Eg var med frå starten av, og spelte både for Ølen og Vindafjord før dei slo seg saman. Eg er framleis engasjert i fotballskulen i Ølen. Det var naturleg å trø til når ein veit kor vanskeleg det er å finne trenar, seier Skulerud.
41-åringen er frå Sandeid og bur i Kopervik der han underviser ved Kopervik videregående skole.

Pendle 15 mil
– Det er ikkje ideelt å pendle 15 mil tre gonger i veka, men eg ser ikkje på det som noko problem, seier Skulerud.
Han trena Åkra i 3. divisjon i 2005-sesongen, og i fjor var han involvert i ungdomsavdelinga til Vea. Han var hovudtrenar for GrannKam i 2002, og har spelt på laget i fleire sesongar.
– Målet er å gjere det betre enn i år i 4. divisjon, kanskje vere med på å prege divisjonen i toppen. Det er veldig avhengig av om spelarane kan delta nok på trening. Det er eit vanleg problem sidan mange er vekke på arbeid og skule, seier han.

Moe i Etne
I Etne er det vel to veker sidan Martin Moe (54) sa ja til å trene A-laget for sjette året på rad.
– Eg er framleis motivert for jobben. Det er eit ungt lag med mykje spennande i seg. Det er også ein triveleg gjeng, og det er ei god drivkraft i jobben, seier han.
Han er ikkje skræmd av nivået i 4. divisjon, og han meiner laget fint kan hevde seg blant dei seks beste på tabellen.
– Dei fleste spelarane er mellom 17 og 20 år. Ein del av juniorane i fjor reknar eg med slår til for fullt i år. Dei har guts i seg som skal til. Det er ei ekstra utfordring å trene eit så ungt lag, seier Moe.

Fleire i Vats/Skjoldar
I divisjonen under har ikkje det samanslåtte laget Vats/Skjoldar fått trenar på plass enno. Skjoldartrenar Linda Worre Bråtveit fekk det første tilbodet, men sa som kjent nei etter at familien bestemte seg for å flytte til Randaberg.
Åge Madsgård i det felles fotballstyret for dei to klubbane, opplyser at fleire kandidatar i Vindafjord er spurt om dei kan tenkje seg jobben.
– Vi har to-tre kandidatar som er aktuelle. Eg reknar med at det er snakk om dagar før trenaren er på plass. Vi har mange unge spelarar og må ha ein trenar som tar tak i dei, seier Madsgård.
Han er også opptatt av at dei må ha ei fornuftig trenarløn som ikkje sprengjer budsjettet.