Tippar søppel frå kulturveg

På tre ulike stader nedanfor vegen er det eit større utval av kjøleskåp, smijernsgjerde, tønner, […]

På tre ulike stader nedanfor vegen er det eit større utval av kjøleskåp, smijernsgjerde, tønner, yoghurtbeger, og vanleg hushaldsavfall. Søppelet er av både gamal og ny dato.
— Eg har sett det, og eg har vore forbanna på dette lenge, seier Tore Øvregård, som er grunneigar der mykje av søppelet ligg.
Han bur ovanom nyevegen, og heimanfrå kan han ikkje sjå kven som ferdast langs gamlevegen i Ørevikane. Det som er sikkert, er at det ikkje er han som tømer søpla si der,
Innkøyringa til den gamle vegen er i tunet i Imslandsgarden, halvvegs mellom Ølmedal og Imslandsjøen. Der kjenner dei heller ikkje til kven som kvittar seg med søppel og kjøleskap på denne måten.
Til politiet
Det er sju år sidan denne vegen fekk status som kulturveg i Vindafjord kommune. Medan mange andre vegstubbar av gamlevegen er tilbakeførte til gardane, er Øreviksvegen omklassifisert til kommunal veg. Kulturleiar Eva Kalstveit og teknisk sjef Tor Gunnar Skaar har merka seg søppelet, og dei vurderer om dei skal melda det til politiet.
— Når einkvan først har byrja å tippa søppel, har det lett for å verta meir søppeltipping på same staden, seier Skaar.
Nokre stader er det avfall av eldre dato som er tippa. Før renovasjonsordninga vart innført, var det vanleg å kvitta seg med avfall i ei ur. Det er likevel ikkje dette gamle, avgøymde avfallet som irriterer kultursjefen og den tekniske sjefen.
— Her er plastposar med hushaldsavfall, yoghurtbeger – og her er ei mengd med tønner, seier dei, og kikkar ned den bratte skrenten nedanfor vegen.
Emballasje og plastposar fortel tydeleg at ein del av avfallet er nokså ferskt.
— Det er gode innsamlingsordningar. Det er slett ikkje nødvendig å kvitta seg med avfall på denne måten, meiner dei to, som ikkje skjønar kven som gjer slikt.