Tivoli i sentrum i Vågen

Russen ved Lundeneset hadde ei sentral rolle under årets Vågendag. Dei var medarrangør og hadde […]

Russen ved Lundeneset hadde ei sentral rolle under årets Vågendag. Dei var medarrangør og hadde mykje spanande på programmet, til inntekt for misjonsprosjektet deira i Etiopia.
— Me er med på alt frå rigging til rydding, så det er ein travel dag for oss, seier russepresident Barbro Tvedt.
Ansiktsmåling var noko av det som var mest populært på standen til russekullet. Tre tålmodige og kunstneriske jenter måla fjes etter fjes, i alle regnbogens fargar.
Svampkasting, hårfletting og straffeskyting var andre populære aktivitetar. Lundenesrussen freista òg med nysteikte lappar.
Sputnik laga liv
Utover det som Lundenesrussen hadde å by på, var det felles frukost frå klokka ti. Der kom det om lag 150 personar, og det er eit tal som arrangørane er nøgde med. Tivoliet var det som prega Vågendagen mest. Dette var spesielt populært hos den yngre garden. Ungane ynskte i alle fall tivoliet velkome med opne armar og breie smil. Klokka to var det kjendistid. Knut Storbukås, alias Sputnik, entra scenen til stor begeistring for dei frammøtte. Han song fleire av sine mest kjente songar og inviterte òg nokon blant publikum opp på scena. Finalen på Vågendagen var tradisjonen tru eit fuktig og underhaldande innslag med Ta sjansen.