To glade vinnarar

Ørjan Lutsi var nok ein gong suverèn i den store nasjonale klassen. Lutsi som også […]

Ørjan Lutsi var nok ein gong suverèn i den store nasjonale klassen. Lutsi som også har vunne Vestlandsmeisterskapet denne sesongen, er godt fornøgd med å gå til topps i NMK Vikedal Cup.
— Banen her er topp å køyre på. Sjølv om eg nok ikkje kjem til å køyre like mykje neste sesong, håper eg å få køyre løpa som går i Vikedal, seier Lutsi.
Med sin Volvo 240 Evo køyrde han først i mål i alle omgangane på ein solrik Vikedal motorbane.
Det var ingen som kunne gjere noko med Ørjan Lutsi, som køyrde for NAF MS Gjesdal på søndag, men det vart ein tøff kamp om dei andre plassane på pallen. Terje Steinnes, som i år har gjort comeback i rallycrossen, køyrde inn til ein tredjeplass bak Øyvind Tveit. Samanlagt i NMK Vikedal Cup klarte ikkje desse å komme på pallen. Samanlagt tok Sigmund Lutsi andreplassen og Steinar Stokke tredjeplassen.
Full stopp for favoritt
Johan Andrè Øverland var på førehand favoritt til å ta sigeren i NMK Vikedal Cup i klassen bilcross junior. Øverland leia før finalen cupen med sju poeng ned til Knut Endre F. Ringhagen, og atten poeng til Aleksander S. Eikeland. Men det blei full stopp for favoritt Øverland. I andre omgang stoppa bilen hans opp, og bilen kunne ikkje reparerast for vidare køyring. Dermed vart det kamp mellom Eikeland og Fønnebø Ringhagen om å få førsteplassen samanlagt. Eikeland køyrde godt og fekk plass i A-finalen, medan Fønnebø Ringhagen måtte køyre B-finale.
— Det var litt vanskelege forhold. Banen var veldig holete og oppkøyrd, men det er slik den pleier å vere i slutten på sesongen, seier Fønnebø Ringhagen.
Han måtte ha ein sjuandeplass for å sikra seg sigeren i NMK Vikedal Cup. I B-finalen kom han på andreplass, og sjuandeplass for dagen, som førte til at sigeren samanlagt i cupen var hans.
— Eg har satsa på og køyrd flest mogleg løp for å samle poeng, og det har eg lykkast med.
Med siger i både værstingcup og NMK Vikedal Cup, ser han fram til å køyre neste år.
— Suksessen eg har hatt i år vil eg gjerne gjenta fleire gonger, seier han og går i tenkjeboksen for å finne ut kva klasse han helst vil køyre i.
— Kanskje eg tar steget vidare i ny klasse og byggjer rallybil, seier vinnar av NMK Vikedal Cup, Knut Endre Fønnebø Ringhagen.
I klassen bilcross senior var det heile 43 bilar som var klare til kamp. Gisle Morten Hetland tok førsteplassen før Kjell Rødberg, begge NAF MS Gjesdal. På tredjeplass kom Jørn Ahmer frå NMK Bergen i sin Ford Granada.