Tre millionar på fylkesveg

Prislappen er tre millionar kroner for jobben. Det blir ei punktvis ubetring frå om lag […]

Prislappen er tre millionar kroner for jobben. Det blir ei punktvis ubetring frå om lag tre kilometer nord for Vikebygd og til Utbjoa. Arbeidet dreier seg i hovudsak om grøfting og drenering, forsterking og litt autovern, pluss sprenging i nokre smale svingar. Dessutan blir det lagt nytt asfaltdekke. Strekninga frå Vikebygd til Utbjoa er 11,5 kilometer. Arbeidet er i gang og skal vere ferdig før påske. Asfalten blir lagt til våren.