Tryggare enn nokon gong

— Me har alltid hatt hygiene som topprioritet, men den siste tida har fokuset på […]

— Me har alltid hatt hygiene som topprioritet, men den siste tida har fokuset på slaktehygiene vore enorm. Me brukar mykje energi på å bli endå betre, seier Audun Stople, slakterileiar ved Fatland slakteri i Ølen.
Det er for tida høgsesong ved slakteriet, og aktiviteten er svært stor. I alt slaktar Fatland 105.000 sau, lam og geit i året. I løpet av høgsesongen blir 90.000 av desse slakta. Berre ved Fatland slakteri er det 70 ekstra arbeidarar i sving.
— Me har eit internasjonalt miljø. I høgsesongen får me arbeidskraft frå både New Zealand, Litauen og Tyskland. I tillegg har me to arbeidarar frå Afghanistan som jobbar hos oss året rundt, seier Audun Stople.
Mange hygienetiltak
Etter at e –coli saka ramma bransjen i vinter, har fokuset på hygiene vore enorm. Dei aller fleste slakteria har sett inn mange tiltak for å hindra liknande episodar. Fatland er ikkje noko unntak.
— Me har fått tre personar ekstra på slaktebanda, for å få ein grundigare prosess. I tillegg har me ein ekstra person som dobbeltsjekkar at kvart enkelt dyr er heilt reint. I forhold til dei tiltaka me har gjort, er dette veldig sikkert. Folk kan føle seg trygge på at slaktehygienen er god, seier slakterileiar Audun Stople.
Konsernsjef Leif Malvin Knutsen er einig.
— Det har aldri vore så bra kvalitet på slakting av sau og lam som i år, seier han.
Satsar på det eksklusive
Den flotte sommaren har hatt ein forsinkande verknad ved Fatland.
— Eg har måtta ta ein del ekstra telefonar til kundar som fylgje av finvêret. I varmen ligg dyra aller helst og slappar av i skuggen, i staden for ete gras. Det har difor blitt ei forskyving på når lamma er slaktemodne i år, seier konsernsjef Leif Malvin Knutsen.
Ved Fatland i Ølen er står saueslaktinga for 25 prosent av den totale produksjonen.
— No i byrjinga går det mykje i fårikål –kjøt, lamme og bogsteiker og koteletter. Pinnekjøt byrjar å kome i butikkane i midten av oktober. Ei vare som er blitt svært ettertrakta den siste tida er indre- og ytrefilet av sau. Grunnen er nok at det er mykje pengar blant folk flest no, seier Leif Malvin Knutsen.
Marknaden for sauekjøt er spesielt god i år.
— Det er svært god etterspørsel på både lam og sauekjøt. Så langt har me ingenting på lager, og me har måtta kjøpa råstoff i tillegg til vår eiga slakting for å metta etterspørselen, seier Leif Malvin Knutsen.
Knutsen røper også at det kjem nye produkt på marknaden i haust.
— Me har utarbeida fem lammeprodukt som har fått namnet «Hardangerland» i samarbeid med Innovasjon Noreg. Desse produkta kan også vera ei aktuell satsing i utlandet. Eg kan røpe at det dreier seg om eksklusivt lammekjøt i fine innpakkingar.