Salet vil foregå 27-28. april på mange stader rundt om i kommunen. Me vil vera godt synlige og me i Lions vil be folk om å støtta opp om tiltaket. Overskotet vil gå til å støtta organisasjonen MOT sitt haldningskapande ungdomsarbeid. Dei arbeider for halda ungdommen vekk frå narkotika ved å skapa positive klassemiljø og hjelpa elevane med å utvikle positiv sosial åtferd.
MOT bygger på følgjande kjerneverdiar og grunnprinsipp:
1. MOT til å seia nei.
2. MOT til å leva.
3. MOT til å bry seg.
MOT er både ei merkevare, eit handlingsprogram, eit landslag og ein pedagogikk.
Så me håpar at du støttar opp ved å kjøpa tulipanane våre.
Birger Bratland
Lions Vindafjord