Men då eg las i Grannar at Etne Framstegsparti hadde gjeve kr 10 000 kroner til dette tunnelprosjektet, folda eg hendene, såg opp og sa til vår Herre: Tilgi meg at eg var med på å starte dette partiet her i Etne kommune.
Ser også at Skånevik Vassverk har spandert kr 100 000 kroner. Til dei som er avhengige av vatnet til vassverket: Spør han som gjekk her på jorda for ca 2000 år sidan om han kan gjere litt av vatnet om til vin, slik han gjorde det då han var i bryllaup og dei hadde for lite vin, slik at dei i vassverket får litt kompensasjon for desse bortkasta pengane.
Under planlegging av Åkerfjordveg spurte eg Gro Harlem Brundtland om Statens Vegvesen saman med Etne kommune kunne vurdere ein miljøveg frå Åkra til Eikemo. Men Etne kommune var ikkje interessert i noko vegutløysing mot Kvinnherad (tre vegar mellom Etne-Skånevik, er behovet stort?).
Og nå er Eikemo regulert om til turistreservat, og folk på Eikemo skal kallast urbefolkning. Er det folk frå Etne som har vore på studietur til Amerika og sett på diverse stammer der?
Ja, ja. Stå på Amund og Victor for Brynjulv likar godt når de finn på noko lurt. Eg får slik skrivekløe då.
Brynjulv Hus
Skånevik