Uakseptabelt barnevern

Dette gjeld ei sak om veg, og han klagar med sterke ordlag. Dine ord Arne […]

Dette gjeld ei sak om veg, og han klagar med sterke ordlag. Dine ord Arne Bergsvåg, høve godt i ei anna sak, der dei berørte har all grunn til å klaga. Barnevernsak i kommunen din, i mars 2006. Etter å ha fått personleg kjennskap til den saka, kan nok mange med rette bruka dine ord: «Det går ikkje an å oppføra seg sånn, eg er rysta». Det er verkeleg ei rystande historie, skammeleg åtferd av kommunen sine ansatte. Om de «stengjer pengesekken» for liknande aksjonar som denne som vart utført mot mor og barn, så kunne pengane vore brukt til tenlege formål. Og vanlege folk kunne leva trygt i heimane sine. Det hjelper lite med trygg gong- og sykkelsti når barn blir revne ut av gode heimar med makt. Det har skapt store problem for mange. Dette bør det ryddast opp i fyrst av alt. Ei viktig oppgåva for ordføraren der. Rettferdighet har stor verdi for folk og framtid.

Helsing ei frå Vindafjord
Marit Bergheim