Uheldig signaleffekt

Ja, det var som ein kjærkomen gjest. Når me veit kor mykje vald og vondskap […]

Ja, det var som ein kjærkomen gjest. Når me veit kor mykje vald og vondskap dette stoffet fremjar, må det vera meir enn me måtte kunne vente av ein ordførar.
Dette var mildt sagt uheldig med tanke på signaleffekt til ungdomen. Kva må ikkje dei tru om denne «edle» drykken. Når førstemann i bygda kan gå ut å anbefale den så sterkt som han gjer, då må det vera noko for ein kvar. Han forsvarar det med at det er merkjenamnet han merknadsførar og ikkje innhaldet. Her omskriver ordføraren sanninga.
Stolt-Nilsen kallar det eit kvalitetsprodukt. Er det kvalitetsprodukt det som statsminister Stoltenberg stemplar som eit stort samfunnsproblem og ber samfunnsleiarane gå til kamp mot? Er det kvalitetsprodukt det som er årsak til vald i heimane, slåsting og det som verre er, på gater og utestader.
Stoltenberg slår fast at auka tilgong på alkohol «aukar talet på rusbrukarar». 200.000 born gruar seg til julaftan på grunn av dette kvalitetsproduktet. Vanskeleg å forstå at kommunestyret – som er våre samfunnsleiarar – går i bresjen for dette. Dette er ikkje til nytte for bygda.

Ingebret Paulsen
Etne