For det skal også veljast nye fylkespolitikarar for fire år, og fylkespolitikken har, om ein likar det eller ikkje, framleis innverknad på viktige lokale saker.Difor er det svært uheldig at få lokalpolitikarar let seg engasjera i fylkespolitikken. Å ha nokon som kjenner forholda også i fylkesperiferien godt, er viktig for distriktet. Det er også uheldig for fylkespolitikken at partia ikkje har klart å få lister som sikrar representasjon frå alle kommunane.
Vindafjord, som truleg vil få to mann på fylkestinget, ligg litt betre an enn Etne. Det betyr at to personar sit tett på diskusjonane som går føre seg på dette nivået og kan koma med innspel i forhold til det. Når det i tillegg er snakk om to personar som vil få sentrale roller i kommunestyret, sikrar det ein viktig gjennomgåande representasjon.Likevel bør det vera ein tankevekkjar at det er få personar også frå Vindafjord som står på partilistene ved fylkestingsvalet. Det tar tid å opparbeida seg posisjonar i fylkespartia, og lokalpartia må jobba for å få fleire til å engasjera seg på dette nivået.
Årsakene til at det er laber interesse for fylkespolitikk er fleire. Fylka har dei siste åra mista mykje av ansvarsområda dei hadde før. Dersom ein har lyst til å gjera ein god jobb, er det i tillegg krevjande med lange reiser og omfattande saker som ein gjerne skal bruka fritid på.For å få opp interessa kan ein gjera fleire ting. Det eine er å la fylka få interessante saksfelt å jobba med, samt meir makt og mynde i forhold til saker som vedkjem dei som bur der. I tillegg kan ein sjå på om betalinga politikarane får for jobben er høg nok i forhold til tidsbruken. Det beste ville likevel vore å kutta ut fylka og flytta meir ansvar til det kommunale nivået. Men det ligg langt fram i tid, og inntil då er det viktig også å vera til stades i fylkespolitikken.