Ultimatum til spelarane

Starten på haustsesongen har vore prega av spelarmangel og skadar, og trenar Tormod Sandsgård har […]

Starten på haustsesongen har vore prega av spelarmangel og skadar, og trenar Tormod Sandsgård har hatt store problem med å få nok spelarar til å stille opp til kampane. Denne veka stilte han difor ultimatum til spelarane: anten blir det oppslutning til kampane, eller så må Bjoa/Vikebygd trekkje laget frå 6. divisjon.
— Eg har tru på at vi skal fullføre denne sesongen. I alle fall 14 spelarar har sagt at dei vil stille til dei sju kampane som gjenstår. Så får vi sjå om dei innfrir det dei har sagt, seier Tormod Sandsgård, som både er trenar og oppmann for sjettedivisjonslaget.
— Vi har hatt litt problem med skadar, og om hausten er det alltid nokon som reiser vekk på skule eller jobb, og dei blir ofte meir usikre til kampane. Men det generelle problemet er at spelarane ikkje prioriterer fotballen nok. Det går ikkje an å droppe ein kamp fordi ein har lyst til å gjere noko anna, seier trenaren.

Usikkert i jubileumsår
Bjoa og Vikebygd slo seg i år saman om eit felles A-lag sidan dei på kvar sine kantar har for få spelarar. Sandsgård er usikker på om det er nok for å klare å berge seniorfotball på Bjoa.
— Vi skal evaluere etter sesongen om engasjementet er stort nok til å satse på ein ny sesong. Det ville vere synd om Bjoa måtte avvikle A-laget i eit jubileumsår, seier Sandsgård om 60-åringen Bjoa Idrettslag.
Han trur det i så fall vil gå ut over rekrutteringa til den aldersbestemte fotballen i idrettslaget, fordi dei unge treng forbilde. Eit A-lag er med på å dra opp interessa for fotball i bygda, meiner han.
Enn så lenge har Bjoa/Vikebygd eit A-lag. Samanslåinga har ikkje full effekt dersom fleire Vikebygd-spelarar vender nasen til Skjoldar i den andre nabobygda.