Ungdomskonsert gir økonomisk smell

Medan det i fjor kom 240 personar på konserten som Feedback arrangerte 16. mai, betalte […]

Medan det i fjor kom 240 personar på konserten som Feedback arrangerte 16. mai, betalte berre 70 personar seg inn på arrangementet i Ølen idrettshall i år.
— Me hadde forventa 200 betalande og hadde budsjettert med det. Underskotet kan i verste fall bli 35.000 kroner, seier Ragnar Stuhaug, leiar i komiteen.
Dugnad
Nå spør Stuhaug og Leif Christian Andersen, nestleiar i komiteen, seg kva kommunen, ungdommane og foreldra eigentleg vil.
— Ønskjer dei at me skal ha noko arrangement eller synest dei det er greitt at det ikkje er noko alternativ? Kva vil eigentleg foreldra senda ungdommen sin på? spør Stuhaug.
— Vil dei at ungane deira skal renna ute i gatene eller vil dei at dei skal vera i eit trygt miljø? spør Andersen.
Feedback fekk 5.000 kroner i kommunal støtte til konserten, og det er under halvparten av det dei fekk i fjor. Leige av idrettshallen kostar 5.000. I tillegg bidrar kommunen med 5.000 kroner i underskotsgaranti.
30-40 personar jobba dugnad 16. mai for å få arrangementet i boks, mange av desse er sjølv ungdommar.
— Her stiller dei opp og lager til eit arrangement for andre ungdommar. Det er imponerande, og difor er det så synd at det ikkje er meir godvilje frå kommunen, seier Leif Christian Andersen, nestleiar i komiteen.
Alkoholdebut
— Målet er ikkje å halda folk heilt edru. Det greier me ikkje, men me ønskjer å tilby eit alternativ og avgrensa alkoholbruken. Me vil at ungdommen skal vera på ein trygg plass der dei ikkje føler drikkepress, seier Andersen.
— Mange debuterer med alkohol 16. mai. Det er blitt den dagen alle går ut og gjerne den dagen ein går ut for første gong, seier Stuhaug.
— Kan det vera at folk blir skremde fordi det er eit kristent lag som står bak?
— Eg trur folk trur det er strengare fordi det er Feedback som står bak, seier Andersen.
— Eg trur nok at folk her i Ølen kan ha motførestellingar på grunn av det, ja, seier Stuhaug.
Høg billettpris
Dei vedgår at billettprisen på 200 kroner kan ha utelukka ein del folk.
— Det verkar som at kommunen og foreldra ikkje er innstilte på at det skal vera så bra. Me vil ha eit skikkeleg oppvarmingsband og eit skikkeleg band, då kostar det pengar, seier Andersen og Stuhaug.
— Kva skjer til neste år?
— Me har lyst å arrangera til neste år, men det er avhengig av at kommunen kjem på banen meir økonomisk, seier dei.
Eit stort og dyrt band blir derimot ikkje hyra inn.
— Det ser ikkje ut som at ungdommen vil ha det likevel, seier Stuhaug.
Tove Standal Vaka, eigar av Meierikjellaren, seier at også dei hadde lite folk 16. mai. Om lag 70 betalte seg inn, men berre 20 var inne samtidig.
— Det var roleg, og lite til å vera 16. mai. Dei fòr og sveiv ute i gatene. Me hadde 18-års grense, men sleppte inn nokre 16-åringar som stod ute og hang. Då stoppa me baren, men dei gjekk raskt ut igjen fordi det var lite folk, seier Standal Vaka.