Unge mønstringar

UKM er eit viktig arrangement der ungdom kan visa andre unge og gamle sin kultur. […]

UKM er eit viktig arrangement der ungdom kan visa andre unge og gamle sin kultur. Mønstringane er prega av mykje musikkinnslag, og utfordringa vidare må vera å få enda større breidde i kulturinnslaga. Det er mykje som kan gå under kulturbegrepet, og ved desse mønstringane er det ungdomane sjølv som bestemmer kva som skal vera med og ikkje.

Kulturmønstringane er med på å understreka at det er eit svært aktiv kulturliv både Vindafjord og Etne. Det er først og fremst innbyggjarane og eldsjelene ein kan takka for dette, og det aktive kulturlivet set også bygdene på kartet. Eit godt kulturliv skapar aktivitet og har mykje positiv bygdereklame i seg. Difor er det viktig å ta vare på dei kreftene som står på.
Kulturlivet viser også igjen på andre områder. I helga hadde til dømes Haugalandrevyen premiere. Det er ikkje tilfeldig at initiativet kjem frå kreftene i Sandeid samfunnhus og at premieren skjer der før revykreftene reiser vidare ut på turne.

Også i skulane satsar ein på ulike kulturelle prosjekt. Der er, saman med dei mange kultureldsjelene, ei forklaring på kvifor kulturen står sterkt i kommunane. Grannar får stadig invitasjonar til skuleførestillingar der ivrige elevar har laga kabaret, teater eller revy som dei viser fram med entusiasme.
Dessverre har me ikkje kapasitet til å skriva om alle som inviterar oss, men invitasjonane understrekar at dette er noko mange er opptekne av. Ungdommens kulturmønstring handlar ikkje først og fremst om å vinna og å gå vidare. UKM er med på å byggja opp ungdommar som har lyst til å skapa noko positivt. Det er difor er desse mønstringane er så viktige.