Utfordringar i Vindafjord

Det går ikkje fram kvar avisa har henta dei konkrete tala sine frå. Dei er […]

Det går ikkje fram kvar avisa har henta dei konkrete tala sine frå. Dei er vanskelege å kjenna att og må truleg komma frå kjelder som meinar å ha interesse og politisk vinst av å dramatisere situasjonen.
Det blir nok ikkje noko «kjære mor» å få endane til å møtast, men eg er overbevist om at oppgåva blir lettare enn i dei to kommunane kvar for seg. All logikk tilseier det.
To sjukeheimar ligg der uansett. Nå har me høve til samordning og optimal nytte. Skulestrukturen blir ikkje verre å takla enn i dei gamle kommunane. Administrasjon måtte me hatt i større omfang som «dublikat».
Alt må derimot styrast med fast hand. Intensjonen om ein smal og effektiv administrasjon må fylgjast tett opp politisk. Det gjeld særleg i innbemanningsprosessen som nå står føre. Ein må sleppa å måtta gripa fatt i nedskjeringar på tilsette som første tiltak.
Me har også ei annan side av økonomiske forutsetningar.
Ordførarkandidatane til Ap og Høgre har, ut frå kvar sine premisser, tatt sterkt til orde for å ta ut 7-8 millionar frå driftsbudsjettet og kommunestyret sin demokratiske disposisjonsmulighet.
Slike grep ville straks setje både grendeskular og omsorgskvalitet i fare. Når også slike ambisjonar blir framstilt som «nødvendige instramingar», blir det ytterlegare dramatisk.
La ein økonomi som tillet årlege overskot og avsetningar vera eit naturleg mål for vindafjordøkonomien, men lag ikkje krisestemning om det syner seg å ikkje la seg gjera dei heilt næraste åra. Det vil heller ikkje fylkesmannen krevja.
Frå ein i dag noko perifer politisk posisjon, meiner eg nok at budsjettsituasjonen likevel synest svært uoversiktleg så langt uti året. KrF i Vindafjord føreslo alt i fjor at ein i større grad måtte dra Ølen inn i politisk drøfting av ein form for økonomiplan for første år i ein felles kommune. Dette vann diverre ikkje fram hjå politisk leiing og formannskap. Nå blir tida knapp for eit nytt kommunestyre, med blanke ark, å gjera politiske vurderingar av eit rådmannsframlegg.
Me må med optimisme, men på realistisk grunnlag, sjå kommande utfordringar i møte.
Vindafjord kommune fortener ei leiing og eit politisk fleirtal som har visjonen på plass.
Bruk røysteretten for eit godt val.

Oddvar Haugland,
Ordførarkandidat for KrF