Været er det sentrale for oss alle. Alle slags vær. Me kan ikkje leva utan vær. «Alle snakkar om været, men ingen gjer noko med det» – heiter det så sant i eit kjent munnhell.
Diktaren Olav Vik har mellom anna skrive ein fabel om været. Om då den «friske brisen» brått vart sjuk og døydde. Inne i Hardangefjorden. Utanfor Ulvik. Og han skriv om gravferda der alle dei kjente vindane-, sure og varme og kalde- møtte fram i gravferda for å ta avskjed med ein kjær ven. Dette er berre nærast overskrifta til ein fantasifull fabel som berre Olav Vik kunne det. Kanskje han tenkte på klimaendringar då han skreiv denne fabelen. Ja, kanskje?
I dag opplever heile verda at det ikkje er «normalt» lenger når det gjeld klimaet. Og då må ein minnast moromannen Leif Juster med sitt kjente innslag – ei av perlene i norske underhaldning – «mot normalt».
Dei seinare åra har nemleg ikkje vore normale når det gjeld klima. Ikkje minst forskarar har vore opptekne med det fenomenet. Me har sett på TV kva følgjene av smelting av is og snø kan føra til med flaumar og øydeleggingar av landskap, bygningar, dyr og verst av alt menneskeliv. Me kan sjå kva enorme stormar som fer av garde opptil 300 km i timen fører til og som raserar alt som står i vegen når dei først slær seg laus. Det ser ut som om ei atombombe skulle ha herja med landskapet, bygningar og skog – alle ting. Også menneskeliv går tapt. Isbrear smeltar og trekk seg tilbake frå det normale – isen i Arktis smeltar, og det er spådd at havnivået vil stiga fleire meter i løpet av kanskje hundre år – «og då vil det truleg ikkje bli gløymt». Det vil kunna gjera millionar av «strandsitjarar» til flyktningar. Og temperaturendringar som kan turka ut jord og skog som fører til ørkendanning. Opptil 40 prosent av dyreartene kan døy ut. Det er noko galt med klimaet og det skuldast menneskeskapte handlingar, seier forskarar. Nei, seier andre, dette er normalt «Les berre om kloden si historie, ikkje berre det som gjeld istider».
Men nå har forskarar talt. Den såkalla «Stern-rapporten» som er lagt fram talar sitt tydelege språk. Og det manglar so visst ikkje kompetanse. Ein rapport som gir verda ein frist på 50 år – kanskje – til å «rette oppatt alle feil i frå i går» som Prøysen har sagt det – endå til i visa «Du ska få en dag i mårå».
Dersom «Stern-rapporten», og andre liknande rapportar, og den faktiske tilstanden ikkje vert teken alvorleg, kan det gå skikkeleg gale med denne kloden vår – den einaste me har. For rapportane er visst ikkje akkurat noko hyggeleg lesnad. Den ropar eit varsko til først og fremst topp-politikarane i verda, men sjølvsagt også til alle andre dødelege på kloden. Det gjeld nemleg livet på jorda og menneska sin lagnad i framtida.
«Ingen kan spå om fremtiden, men jeg er veldig redd at barna våre skal få et miserabelt liv om vi ikke klarer å stoppe den globale oppvarminga», har den australske klimaforskaren Flanney sagt. Menneska må endra sitt tilhøve til forbruk – eit forbruk som synes å ta helt av – noko som pengegaloppen generelt og pengegaloppen i «den søde juletid» fortel oss om. I dag skal all produksjon og alt forbruk utvikla seg ustoppeleg av di velstandsgaloppen i dei rike landa har dårlege og ingen bremser lenger. Men det er von – seier forskarane – om ein kan bruka økonomien som bremse til å få veksten redusert med 20 prosent. Dette må dei rike og andre land bli samde om, og ikkje minst miljøverstingar som m.a. Noreg er med sin rike produksjon av olje og gass. Det kostar å vera kar, og det er grunn til å minna om Arne Garborg sine ord: «Akta dykk for pengane».
Me har sett ein grådigheitskultur som går over alle støvelskaft her i vårt land – og den er liten i høve til «dom store». Det er alvorleg fordi forskarrapportar fortel oss at me kan få tilstandar som ikkje er godt å tenkja på. Kanskje det kan vera det rette tidspunkt nå mot julehøgtida å minna om andre verdiar enn «gull i munn», nemleg rein natur, reint vatn og rein luft som kan bli mangelvare dersom me ikkje er villige til å tenkja nytt. Dette ansvaret kviler på alle menneske på jorda, men først og fremst topp-politikarane. Kanskje dette bør vera den viktigaste tanken hos oss alle – og haldning når ein går mot overflodas feiring. God jul.
Endre Heggen