Det er slik den kroatisk malaren helst arbeider, men han lar seg også inspirere av landskap og bygningar. Det er litt i overkant med dag ut og dag inn med regnhissige skyer som nesten kryp ned i fjæresteinane i Sandeid.
— Eg er ikkje van med slikt vêr, det blir litt i meste laget. Eg har hatt betre erfaringar tidlegare. Å arbeide her i galleriet er som å vere tilskodar i eit amfiteater med vekslande natur. Eg likar kvite skyer som går ned i fjellet og kontrasten til det grøne. Men ikkje berre grått, forklarer Zeljko Uremovic.
Varig vennskap
Det er tredje året på rad han er på besøk hos Ågot Sogn og Lars Vormestrand i Sandeid. Jarka og Zeljko Uremovic har fått eit varig vennskap i Noreg. Kunstnaren har bilde utstilt i Galleri Å’Godt der han også sit og malar.
— Det var ganske tilfeldig vi møttest. Lars og eg var på ferie i Kroatia. Det var han som insisterte å gå inn i galleriet sjølv om eg meinte han skulle sleppe å gå i fleire på denne turen. Vi vart der i timevis, og sidan har vi hatt kontakt, fortel Ågot Sogn.
Trogir inspirerer
Uremovic er frå Trogir ved kysten i Kroatia, ganske nær Split. Han bur i gamlebyen der han har galleri og atelier. Det er mur rundt den gamle byen, og gatene er ikkje breiare enn rundt 1,5 meter. Difor er det ikkje biltrafikk inne i byen. Zeljko kallar det ein landsby, men det bur rundt 5.000 menneske inne i bykjernen.
— Det er ein spesiell atmosfære som er inspirerande for meg som malar. Både historia, kunsten og dagleglivet i byen, seier han.
— Det er ein meir spesiell atmosfære i Trogir enn i meir internasjonalt kjende Dubrovnik. Trogir er mindre og meir uberørt, meiner Ågot Sogn.
Han malar ein periode i året i Praha i Tsjekkia der kona Jarka er frå. Og i Sandeid nokre veker i november og desember. Han er i innspurten med bilde han skal stille ut på kystdagane i Sandeid til våren. Snart venter jul i Kroatia.
Rull med bilde
— Eg har blitt godt mottatt her. Dei har opna heimen for oss og er utruleg gjestfrie. Det betyr mykje for oss, fortel Zeljko.
Ågot Sogn tok med seg ein rull med bilde då ho forlét galleriet hans i Trogir. Ho synest kontakten er verdfull på mange plan, også for galleriet hennar. Ho har selt bilde med god geografisk spreiing rundt om i landet. Sogn var litt usikker i starten, men opplever at han blir godt mottatt.
På treplater
— Zeljko malar ikkje det han ser, men det han har sett. Bilda kan sjå enkle ut, men eg finn stadig nye ting i dei, seier ho.
Det kan han skrive under på.
— Eg set stor pris på at dei forstår arbeida min. Det har stor betydning.
Bilda hans kan minne litt om ikon sjølv om Zeljko i større grad arbeider med fleire lag i bilda. Han malar mest på treplater fordi dei gir motstand når han legg på fargar, både med handa og pensel. Det meiner Sogn gir spesielle fargar.
Han snikrar ramme rundt treplatene før han startar å male, og han svingar penselen på rammene også. Men han brukar også lerret, eller legg papir på tre.
Uansett kva han malar, er det alltid menneske med i bilda hans sjølv om hovudmotivet kan vere fjell, blomar, eller bygningar. Han er opptatt av det universelle i livet, og det daglegdagse, det som er felles for alle. Difor ser han på seg sjølv som eit religiøst menneske der dei indre tankane og kjenslene er det avgjerande.
Krigen prega
Krigen i tidlegare Jugoslavia har vore med å forme denne livsopplevinga. Han har fått større tru på menneska etter krigen. Ikkje minst arbeid med barn som fekk traume av krigen, har gjort han optimistisk.
— Dei klarte å uttrykkje seg då dei fekk male daglegdagse og felles ting for oss menneske. Ein oppdagar kor viktig dei små tinga er i livet, som gjer at vi ikkje er aleine. Ein kan tape mykje gjennom ein krig, men fjellet og himmelen står alltid igjen, forklarar han.
Engelsk er som oftast godt nok, men av og til finn ikkje Ågot Sogn og Zeljko Uremovic dei retta orda. Dei har oppdaga at dei ofte kan seie det forløysande ordet på norsk og kroatisk, og så viser det seg at dei er ganske like.
— Glatt eller skole til dømes. Vi seier orda nesten heilt likt på dei to språka, forklarer han.
Dei har også blomster felles. Han skal i gang med finpussen av orkideane hennar som han gjenskapar på kryssfiner.
Varig vennskap gjennom kunst
Det er slik den kroatisk malaren helst arbeider, men han lar seg også inspirere av […]