Varm sommar gav rekordhandel

— Det har vore knallbra i juli. Det er den beste juli månaden me har hatt […]

— Det har vore knallbra i juli. Det er den beste juli månaden me har hatt etter at me opna. Me hadde 13,7 prosent auke i juli i forhold til i fjor, seier Kåre Nymark, eigar av Buo Landhandel.
Fjorårets idé med å levera ut rundstykkar og avis til båtgjester rundt Romsaøyane i juli har blitt ein kjempesuksess, og Nymark meiner det er ein av årsakene til veksten.
— Målet mitt er å få desse me leverer ut til, til å komma inn til oss og handla. Det har me fått til ganske bra i år, seier Nymark.
Også eit julivêr av det flotte slaget gir klingande mynt i kassen i Buo.
— Nå har det vore knallvêr, og me må ikkje gløyma det. Vêret har voldsamt mykje å seia på båttrafikken. Viss det er stygt vêr, trekk folk meir til byar og senter, seier Nymark, som har hatt mykje besøk av bergensarar og siddisar.
Utvida sortimentet
I år har Nymark ikkje berre levert ut rundstykkar og avis, men også tebrød, skulebollar, wienerbrød og frukostbrød til båtfolket.
— Me har levert ut i store mengder. Det var vel dagar me selde fleire hundre stykk. Ein dag selde me 100 skulebollar, seier han.
Nå er sommaren på hell, og dei fleste båtgjestene er reiste heim att, men Nymark klagar ikkje over aktiviteten.
— Det har vore bra så langt i august også. Eg håpar det held fram til jul, ler han.