Måndag føremiddag sendte «vervarslinga» ut denne rapporten:
Dei siste 36 timane har det falle store mengder regn på Vestlandet sør for Stad. Dei siste 24 timar målte minst fire av meteorologisk institutts vêrstasjonar i landsdelen hundre millimeter nedbør eller meir.
Aller mest nedbør kom det på Eik-Hove, der 24-timerssummen blei 117.5 mm.
Regnet starta for alvor laurdag kveld, og i løpet av 36 timarsperioden frå kl. 19 laurdag til kl. 07 måndag blei det målt mest nedbør på Takle, nesten yttarst i Sognefjorden. Der falt det 138.5 mm.
Nedbøren var godt varsla av met.no. NVE meldte også om fare for lokale flaumar – samtidig som NGI og met.no åtvara mot stor snøskredfare i høgfjellet. Det heile ser heldigvis ut til å ha gått ganske greitt for seg, utan dei store skadane.
Her nokre stasjonar siste 24 timar:
Nedre Vats 78.6 mm
Sauda 83.7 mm
Bergen 67.6 mm
Kvamskogen 106.2 mm
Sirdal 62.5 mm
Våt helg
Måndag føremiddag sendte «vervarslinga» ut denne rapporten: Dei siste 36 timane har det falle store […]