Vegvesenet tar til fornuft

Like brått som dei oppdaga dette, som for andre har vore kjent i alle år, […]

Like brått som dei oppdaga dette, som for andre har vore kjent i alle år, stoppa dei køyrety som var høgare enn fire meter. Det vil seia dei aller fleste moderne køyrety i den klassen.
Sist veke blei 175 store køyrety kontrollmålte på begge sider av Haukeli. Der målestokken viste meir enn fire meter, vart førarane stoppa og dirigerte til andre vegar mellom aust og vest. I praksis over Sogn.

Reaksjonane frå transportbransjen og næringslivet let ikkje venta på seg. Det skulle elles berre mangla. Dei som sette dette i gang kan ikkje ha hatt peiling på kva konsekvensar det ville føra til. For som Erik Hundhammar, som både er transportør og hovudtillitsvalt i Noregs Lastebileigarforbund, peikar på er det ikkje berre transportbransjen som blir skadelidande, men i høgste grad også næringslivet som er avhengig av å få varene raskt ut til kundane sine.
Det at det er heile 160 tunnelar her i landet som ikkje er meir enn fire meter høge, hadde dei vyrde vegfolka som sit på sine kontor i Oslo heller ikkje tenkt på.

Eller hadde dei det? Det er mange som har stilt spørsmål om stenging av Haukelitunnelane er eit reint politisk utspel, og ikkje som det blir hevda på grunn av tryggleik. Me er godt kjende med at det lengre nord og aust i Hordaland ikkje er den store interessa for vegsambandet over Haukeli. Der i garden står Riksveg 7 over Hardangervidda mykje høgare i kurs.
Men ikkje så gale at det ikkje er godt for noko. Den store merksemda rundt Haukelitunnelane har fått både samferdselsminister Toril Skogsholm og Statens vegvesen på glid. Det blir nå sett i verk tiltak både på kort og lengre sikt.
Det er bra at dei snur og tar til fornuft. Det var på tide.