— Velkommen heim

— Kan tru det var godt å få dei heim att, seier Endre Knutsen og […]

— Kan tru det var godt å få dei heim att, seier Endre Knutsen og klemmer rundt barnebarnet Addi–Endre.
— Heimreisa gjekk eigentleg veldig fint. Det som overraska meg mest var at flyet ikkje ein gong var fullt. I Israel flyktar ein meir inne i landet enn til utlandet, seier Eva Knutsen.
Eva Knutsen er gått lei bomber, granatar og ein konstant fare for at den ampre stemninga skal blusse opp. Ho vil ikkje returnere til Israel før freden er endeleg. Med seg til Noreg har ho borna Addi–Endre (17) og Eden (13), medan mannen Avi ikkje vil reise frå heimlandet.
— Eg gjer det eg må, og han gjer det han må. Eg orkar ikkje å leve med ein krig hengande over hovudet, medan han føler eit visst ansvar, og føler at han må bli att og hjelpe menneske som treng han, seier Eva.

Fryktar ny verdskrig
Familien har følt krigen på kroppen. Ein rakett landa berre nokre meter frå huset deira, men gjekk heldigvis ikkje av.
— Hadde den gått av, ville det ikkje vore mykje igjen av heimen vår, seier ho.
Eva fortel om eit skremmande menneskesyn.
— Blant ekstremistane er kvinner og barn null verdt. Menn står heller ikkje høgt i kurs, dersom dei ikkje har pengar i banken. Eg synest at Israel har fått noko meir vestleg påverking, medan det er umuleg å snakke med «Hizbollah», som er dei muslimske ekstremistane i Libanon. Dei ofrar lett sine eigne liv for saka. Det som skremmer meg mest er at både Iran og Syria har veldig lyst til å vere med i krigen mot Israel. Dersom det skjer, varer det ikkje lenge før USA kjem på banen, og då er 3. verdskrig eit faktum, seier ho.
— Albert Einstein sa eingong at det er ikkje farleg å ha vonde folk i verda. Det som er farleg er at normale folk ikkje gjer noko med dei som er vonde, seier Eva Knutsen.

Borna vil heim til Israel
For tida arbeider Eva med og skape seg eit nytt tilvære i heimlandet. Det viktigaste for ho no, er å få borna inn i ein normal kvardag i Noreg. At ho verken har jobb eller husvære, bekymrar ho ikkje så mykje.
— Det med jobb og ein stad å bu ordnar seg alltid, det som kjem til å bli den største utfordringa er at ungane mine eigentleg ikkje vil vere her. Dei vil heim til Israel. Eg skjønar dei godt, eg. Me levde livets glade dagar i Israel. Me hadde ein flott leilegheit i ein badeby ved Middelhavet, seier ho.
Sonen Addi–Endre, snakkar imponerande godt norsk, til å vera oppvaksen i Israel. Han saknar faren, kjærasten Marva (17) og alle vennene sine.
— Eg vil ikkje vere her. Det er veldig fint å vere på ferie i Noreg, men det er i Israel eg høyrer heime, seier han.
Saknet etter kjærasten gjer at omveltinga til eit liv i Noreg blir ekstra vanskeleg for Addi–Endre.
— Når eg har fått våre liv på rett kjøl, trur eg at mitt neste fokus må bli å få Marva til Noreg. Kjærasten til Addi–Endre er flyktning i Sør–Israel, og har veldig lyst til å kome til Noreg. Eg trur det kan vere ein måte å få Addi–Endre til å roe seg ned i Noreg på, seier Eva Knutsen.

Jaktar på jobb
Eva og borna blir hos foreldra i Skjold ei stund til, men flyttar til Vormedal når skulestarten nærmar seg.
— Eden har eg fått inn på skule, medan det er verre med Addi–Endre. Han må inn på ein vidaregåande skule. Me skal bu hos bror min på Vormedal. Eg trur det blir enklare for borna å få venner og skaffe seg noko å gjere på i fritida nærare ein by. Det er ikkje så mykje å finne på her i Skjold, seier ho.
Sjølv tok ho for få år sidan ei utdanning innan næringsmiddel, grunnstoff og vatn i Israel.
— Eg veit ikkje kva denne utdanninga heiter i Noreg, men i Israel kunne eg arbeide i for eksempel Mattilsynet. Eg vonar at det ikkje blir altfor vanskeleg å skaffe seg jobb, seier ho.
Eva Knutsen snakkar hebraisk flytande, og kunne også godt tenkje seg ein jobb som oversetjar.
Eva har søkt om å få flyktningstatus, og vonar at ho vil få nok hjelp til at kvardagen skal gå greitt.
— Sjølv om me er norske statsborgarar, er me flyktningar, seier Eva.