Venstrefokus

Bakgrunnen er at Thommessen før påske sa at han ville vurdere å bli partileiar ein […]

Bakgrunnen er at Thommessen før påske sa at han ville vurdere å bli partileiar ein gong i framtida dersom han vart spurt. At ein nestleiar i eit parti som Venstre har ambisjonar om å avansere, kan ikkje overraska nokon. Aller minst Lars Sponheim.

I staden for å la det bli med det, gjekk altså partileiaren til åtak på nestleiaren. Mange både i og utanfor Venstre lurar på kvifor. At Sponheim sit trygt som partileiar var det ingen tvil om. Truleg er det stor sjanse for at han framleis er det også etter leiarvalet som skal skje neste år.
Lars Sponheim har lite å frykta frå Thommassen si side slik situasjonen er no. At Thommassen luftar sine ambisjonar i Dagens Næringsliv kunne Sponheim glatt ha oversett. I staden fann Sponheim det fornuftig å angripe og fastslå at Thommessen iallfall ikkje er hans favoritt til å overta «hans» parti. For det er nærmast slik ein kan oppfatta utspela frå Sponheim – at Venstre er hans parti.

Partileiaren har klart å skapa unødvendig uro framfor eit landsmøte som i utgangspunktet skulle fått fram Venstre sine kampsaker ved dette valet. Samstundes har også partiet fått mykje merksemd i framkant, men det var neppe mottoet om at «all reklame er god reklame» som var Sponheim sitt motiv.
Motivet var truleg heller å ta nok ein revansj etter leiarkampen i partiet for få år sidan, og å setja Thommassen på plass. Men ved å markera seg så kraftig, har Sponheim klart å få fram indre motsetningar i Venstre. Det tener verken partiet eller Sponheim på.