No er det vel slik at dette ikkje bare er den heile og fulle sanninga, det gjeld for begge gruppene. Born som gruar seg til dei lange dagane utan skule eller barnehage. Dagane der far og mor ikkje er i lag med dei, eller plutseleg får ein oppførsel påverka av alkohol og fest som inneber uhygge og frykt hjå born og vaksne. Alkoholkonsumet har aldri vore høgare enn no, tyder dei siste tala frå forskarane.
Vaksne og born som gler seg, er vel i fleirtal heldigvis. Ta tida tilbake, les om tradisjonar om de ikkje sjølv har opplevd dei, me er sikre på at det finnest mykje kreative og artige ting som får tankjen på glid mot det gode. Ta tilbake tid for å ta seg av dei gamle, same kor masete dei er. Floskelen om at det er tanken som tel, er ikkje så dum i juletida, og tanken som ligg bak ei billig, eller heimegjort gåve er ofte viktigare enn sjølve gåva.
Branntryggleik er ein annan viktig tanke, 50 prosent av brannane i Norge skjer grunna levande ljos har me lest. Så ta ein ekstra runde før du legg deg og søv, godt og trygt i vissheit om at det vert ei god adventstid.