Blant forslaga finn ein mellom anna 24-årsgrense og tvungen DNA-test for familiesameining, språktest av fireåringar, kommunal vetorett ved busetjing av flyktningar og bøtelegging av flyselskap som tar asylsøkarar utan identitetspapir til Noreg. Dette er tiltak Frp håpar skal gje partiet eit byks på meiningsmålingane fram mot kommunevalet i haust.
At partiet meiner Noregs innvandringspolitikk er naiv, er ikkje noko nytt. Det er også grunn til å lytta til det partiet meiner og seier i denne saka. Likevel er noko feil når partiet vil angripe ei gruppe menneske, som ofte har det vanskeleg frå før, og gjera dei til eit stort problem.At mange innvandrarar ikkje vert godt nok integrerte i det norske samfunnet er ei utfordring ein må gjera noko med. Men i staden for å stengja grensene heilt, må samfunnet heller få fokus over på kva ein kan gjera annleis for at dei skal bli inkluderte på ein god måte. Her er det mykje å ta fatt i.
Noko av det viktigaste ein kan gjera er å skaffa arbeid, skule- og barnehageplass til dei som kjem til Noreg, også medan dei ventar på svar på søknaden om å få bli. Å få innvandrarar ut av isolasjonen og inn i det norske samfunnet, la dei få vener og arbeidskollegaer, er den beste måten å gjera det på.I innvandringsdebatten må ein heller sjå på kva innvandrarane faktisk kan bidra med til det norske samfunnet, i staden for å sjå på denne gruppa som ei einsarta belastning for samfunnet. Dei aller fleste innvandrarar og asylsøkjarar som kjem til Noreg vil bidra positivt i samfunnet. Då er det viktig at dei får sjansen til nettopp det.