Viktig vegstubbe

Det er ikkje den store vegstubben som fekk denne merksemda. Den blir nok heller ikkje […]

Det er ikkje den store vegstubben som fekk denne merksemda.
Den blir nok heller ikkje nedskriven som den store hendinga i norsk veghistorie. Men det er likevel ein svært viktig del av den same historia. Dette vesle vegstykket, er eit stykke i ei lang rekkje små vegbitar. Me kan seia at med bit for bit skal gang- og sykkellandet byggjast. Det er ikkje den første opninga av ein gang- og sykkelsti i Ølensvåg. Me har vore vitne til fleire før. Og ikkje berre i Ølensvåg, men mange andre stader rundt i Grannar-bygdene.

Me ser fram til den dagen at alle små og større tettstader har fått sin etterlengta gang- og sykkelsti. Men det er nok langt fram til den tid. Av erfaring veit me at det går lang tid frå eit vegprosjekt er planlagt og prioritert til silkesnora kan klippast over.
For alle dei som ferdast langs våre sterkt trafikkerte, og ofte smale og kronglete vegar, er det uhyre viktig at gang- og sykkelvegar blir sette høgare opp på prioriteringslista. Det burde vera ei populær sak for dei politiske partia no i valkampen. Tenk om dei kunne lova alle ungar sikker og trygg skuleveg. Det burde ikkje vera for stort krav.

Me tar besøket til vegsjefane Torp og Eide som eit bevis på at dei prioriterer slike vegstubbar høgt. Så er det opp til politikarane, både lokalt og sentralt, å syta for at dei får meir pengar slik at dei oftare kan delta på opning av gang- og sykkelstiar. Både i vårt distrikt og over heile landet. Dette gjeld tryggleik for våre små og mjuke trafikantar.