Sist veke hadde formannskapet møte på Utsira. Noko av det dei drøfta var Etne kommune sine avgifter for det komande året. Formannskapet konkluderte med kommunen bør auka både kloakk-, renovasjon- og vassavgiftene.
Tilrådinga frå Formannskapet til Etne kommunestyre går på at slamrenovasjonsavgifta skal aukast med ein prosent, til 1437 kroner pluss moms for eit vanleg bustadhus.
Det største hoppet vil dei ha innan renovasjon. Vedtaket i formannskapet betyr ei renovasjonsavgift som er 4, 9 prosent høgare enn i år. Grunngjevinga for det er at Toraneset har auka sine avgiftssatsar og fått større lønsutgifter, i tillegg er det kome ein auke i deponiavgifta til staten. Dersom kommunestyret høyrer på formannskapet blir neste års renovasjonsavgift på 1898,65 kroner pluss moms.
Kommunal kloakk og vatn vil også bli dyrare. Formannskapet foreslår også at kloakkavgifta skal auke med tre prosent og at vassavgifta skal gå opp med 2, 2 prosent.
Vil auka alle kommunale avgifter
Sist veke hadde formannskapet møte på Utsira. Noko av det dei drøfta var Etne kommune […]