Vil flagge ut boss-prosjekt

Oslomannen Jan Helge Helander har i Grannar avvist at han er interessert i å selje […]

Oslomannen Jan Helge Helander har i Grannar avvist at han er interessert i å selje retten til industriområdet på Dommersnes til andre aktørar, og på den måten tene eit ukjent antal millionar kroner.
Men sist Helander var i Ølen saman med amerikanaren Carlos Benitez, ville nordmannen ha ordførar Arne Bergsvåg til å skrive under på at festeavtalen for industriområdet blir overført frå Vikebygd Industripark AS til DGI International. Carlos Benitez har eigarinteresser i DGI International, og dette selskapet skal inn og overta prosjektet med planar om eit gigantisk forbrenningsanlegg i Vikebygd. Planen er at anlegget skal kunne ta imot inntil 360.000 tonn boss.
Ordførar Bergsvåg var heller lunken til å skrive under og sa til Helander at det måtte ein langvarig politisk behandling til i Ølen før det ville bli aktuelt med å overføre retten til eit anna selskap. Dermed droppa Helander dette alternativet som skal gi amerikanaren kontroll over heile prosjektet.
Helander fortalde så at det kunne bli aktuelt at Benitez og DGI International kjøper Vikebygd Industripark som har leigeavtale på Dommersnes for minst 80 år.
I avtalen mellom Vikebygd Industripark og Ølen kommune er det eit punkt som opnar for at selskapet kan overdra festerett til andre selskap. Men det skal skje med kommunen sitt samtykke, og denne delen av avtalen er med tanke på industri som skal etablere seg som avtakar for energien.
Ikkje overraska
Dersom Helander vil at eit amerikansk selskap skal ta over, er det ei sak Ølen kommune kjem til å stille seg passiv til.
— Det skal tungtvegande grunnar til for at vi kan nekte overdraging av festeavtalen. Eg sa også til Helander at sidan Vikebygd Industripark er eit aksjeselskap, så er det ikkje vår sak å bestemme kven som skal eige i selskapet, seier Bergsvåg.
Han er heller ikkje overraska om det blir utanlandsk kapital som tar over styringa over forbrenningsanlegget i Vikebygd.
— Det har vore snakk om utanlandsk kapital heile tida. Og dersom dei går inn med tyngre investeringar, er det ikkje uventa at dei vil ha påverknad. Dette meiner eg har lege i korta heilt frå starten av, seier han.
Carlos Benitez frå Florida har følgt Jan Helge Helander sitt prosjekt frå den spede starten, men han har ikkje tidlegare profilert eigarinteresser.