Vindafjord kommunestyre må slankast

I dag er det 33 representantar i Vindafjord kommunestyre. Det er for mykje. Dette talet […]

I dag er det 33 representantar i Vindafjord kommunestyre. Det er for mykje. Dette talet må reduserast til 25. I gamle Vindafjord var det 19 representantar siste periode, men i alle åra før frå 1964 var talet 29. Som gamal kommunestyremedlem og lokalpolitikar i Vindafjord er mi røynsle at det var for mykje. Det vart ikkje noko effektivt arbeid og for mange «stemmekveg». Ingen garanti for at alle bygder vert representerte om talet er høgt. Heilt andre ting avgjer det. Grendeutvala skal ivareta krinsane. Dessutan må ein ha tillit til at dei som vert valde inn i kommunestyret ser og tek omsyn til heilskapen i heile kommunen.
Dessutan kostar det mange pengar med så mange representantar, unødvendige utgifter for ein kommune som slit med å få endane til å møtast. Difor vil eg rå til at talet på kommunestyrerepresentantar til neste år val vert redusert til 25 i Vindafjord.
Einar Grønstad