Viser seg fram på oljemessa

Det kokar mest over i petroleumsnæringa, og det er knapt eit selskap som har kapasitet […]

Det kokar mest over i petroleumsnæringa, og det er knapt eit selskap som har kapasitet til å ta på seg meir arbeid dei neste åra.
Vassnes Elektro AS frå Ølensvåg er på plass med Lars Toftdahl og Torgeir Rasmussen. Mest av alt for å visa omverda eit nyutvikla framdriftsanlegg for skip.
Skreddarsyr
— Som veldig mykje anna av det me gjer er også dette eit produkt me skreddarsyr. Det passar veldig bra i samband med opprusting og renovering av eldre båtar, fortel Toftdahl.
Rasmussen har vore med på å utvikla anlegget som tilsett hjå Uni Automation i Skudesneshavn, ei verksemd som Vassnes-gruppa kjøpte seint i 2005. Med oppkjøpet av MB Consultants på Stord i sommar, står morselskapet Vassnes Elektro AS fram som ein komplett leverandør av elektrotenester.
Tøffe tak
— Med den siste biten på plass, kan me no også tilby design, prosjektering og dokumentasjon, fortel ein stolt danske. Stolt over det arbeidet og den utviklinga som har vore i Ølensvåg sidan ABB Marine slutta av i 2003, og Vassnes Elektro vart etablert.
— Me har hatt vekst og utvikling frå første dag. No har Vassnes Elektro over 80 tilsette fordelt på fem døtrer, alle etablert som eigne aksjeselskap. Sjølvsagt har det tette samarbeidet med Westcon vore ein heilt avgjerande årsak til det me har fått til, men no har me definitivt mange og gode bein å stå på, og oppdrag både inn- og utanlands, på land og til havs, seier ein sliten Toftdahl.
Å vera utstillar på oljemessa i Stavanger er alt anna enn ei fin forlenging av ferien.
— Det er alltid eit slit å få ting på plass, når hundrevis av utstillarar sloss mot klokka og kvarandre, smiler Toftdahl.
Gode folk
Dei historisk gode energiprisane, den eventyrlege optimismen i petroleumsnæringa og den generelle samfunnsutviklinga skapar også store problem og ditto utfordringar for dei langt fleste aktørane som er i Stavanger denne veka.
— Det er ikkje lenger noko snakk om billig arbeidskraft frå utlandet, snarare om me klarar å skaffa kvalifiserte folk. Det er likt over heile fjøla. Me lever av å levera kvalitet på tid. Kor som helst. Kor tid som helst. Då er me sjølvsagt avhengig av dei beste folka og den beste organiseringa, seier Toftdahl.
Om Vassnes er på ONS for aller første gong, har Westcon med åra opparbeidd seg ei viss røynsle med slikt. Men utfordringane i ein oljesmurd kvardag er dei same også der i garden. Rett og slett å få tak i godt kvalifisert arbeidskraft til stadig nye og varierte oppdrag.
I oljerus
ONS 2006 er sjølve sentrum av den nasjonale og til dels internasjonale honningkrukka denne veka. Alt som kan krypa og gå er på plass, og det vert ikkje spart på noko. Og då meiner me noko. Hamneområdet i Stavanger kan også vanlegvis by på flotte båtar, men denne veka er det knapt nokon som legg merke til deg om du kjem med ein 50-fotar. Aller helst skal det vera gamle treskøyter eller flotte seglskip. Med eigne kokkar på dekk, og lange, lange gjestelister. For det må ein ha, om nokon i det heile skal dukka opp. Det er nemleg utruleg mykje som freistar i Stavanger denne veka. Her gjer nemleg veldig mange oljeselskap sitt aller, aller beste for å få redusert overskotet med nokre tidels promille.