Vurdering av lærarar

Delar av innhaldet i resolusjonen er eigna til å skape mistydingar om den politiske avgjerda. […]

Delar av innhaldet i resolusjonen er eigna til å skape mistydingar om den politiske avgjerda. Eg vil difor nemne nokre av dei generelle føringane som den politiske saka rommar:
– Elevane si vurdering av lærarane sine er tenkt som eit opplegg på den enkelte skolen.
– Den enkelte skolen sitt opplegg skal skoleleiinga utarbeide i samarbeid med elevar og lærarar. Opplegget skal drøftast med bakgrunn i Hovudavtalen og Arbeidsmiljølova.
– Skolane står fritt i om og korleis dei vil bruke den spørsmålsmalen som skoleeigar har utarbeidd.
– Det er ikkje meininga å nytte vurderingsresultata til samanlikning av lærarane ved den enkelte skolen eller skolane imellom.
– Resultata av vurderingane skal i utgangspunktet vere rektor sin eigedom. Dei kan m.a. vere tema i medarbeidarsamtalar. Det er rektor sitt ansvar å syte for at det blir sett i verk eventuelle tiltak som oppfølgjing av vurderinga.
I ovannemnde resolusjon frå Utdanningsforbundet heiter det at den aktuelle vurderinga legg opp til ei «anonym ut-/innstemming og rangering av lærerne elektronisk». Det finst ikkje grunnlag for ein slik påstand i den politiske saka.
Utdanningsforbundet uttaler i resolusjonen sin at «evaluering av undervisningen er en selvfølge», og at lærarane er «avhengig av kontinuerlig tilbakemelding på sitt arbeid». Også Elevorganisasjonen har meldt si prinsipielt positive haldning til elevvurdering av lærarane.
Etter samtalar med fagorganisasjonar, Elevorganisasjonen m.fl. vil eg tidleg neste skoleår gje skolane meir detaljert informasjon om korleis vurderinga skal gjennomførast.
Eg har stor tiltru til at ein på den enkelte skolen vil finne fram til vurderingsopplegg, som vil fremje elevane, lærarane og organisasjonen si læring og utvikling.
Opplæringsdirektør
Svein-Erik Fjeld
Hordaland fylkeskommune