WTO og landbrukspolitikk

Toll er det viktigaste virkemiddel Noreg har til å verna sin lokale matproduksjon. Noreg har […]

Toll er det viktigaste virkemiddel Noreg har til å verna sin lokale matproduksjon. Noreg har rett til aktivt og sterkt landbruk av omsyn til tryggleik og beredskap. Import av billige matvarer vil føre til at Norsk landbruk blir nedlagt med tap av 100.000 arbeidsplassar til skade for bygdene og heile landet.
Lokalt produsert mat kan lett bli utkonkurrert av store eksportselskap. Eit eksempel på det er Filipinane. Der blei amerikansk kylling selt for 60 peso, medan den filippinske kyllingen kosta 80 peso. Det førte til at alle kyllingfarmane vart tvinga til å legge ned. Auka frihandel og kutt i toll, kjem aldri verdas fattige til gode. Tvert imot, det er dei rike som tener på auka frihandel.
Vi veit at 854 millionar menneske svelt i dag. Nye fire millionar menneske går ut i svolt kvart år, og skilnadane aukar. Ein kraftig tollreduksjon, slik som USA foreslår i WTO-forhandlingane, løyser ikkje fattigdommen og urettferdigheita. Tollkutt og friare verdshandel vil først og fremst tene dei rike og dei store multinasjonale selskapa.
Det største problemet (som WTO ikkje nemner) er dei ekstremt låge lønningane i u-land. Det er det som gjer menneska fattige. Dei har så lav lønn at det ikkje strekker til nok mat, høgare lønn og høgare pris på det de eksporterer, først og fremst.
Lærer dei rett jordbruk så kan dei skaffe nok mat til landets befolkning. Verda treng lokal og miljøvenlig matproduksjon, ikkje forureinande og urettferdig frihandel. Å importere matvarer frå u-land som ikkje har nok til eigen befolkning, og til altfor lav pris, er uetisk.

Anders Lærdal
Sandeid